hyllestad.info logo.png

Gründer av Hjerteblad AS , Merete Iversen, har hatt ei livslang interesse for hage og blomster. Ho har og jobba 18 år i grossistleddet i hagebransjen, der kundane var faghandel, daglegvare og bygg/jernvare. På denne måten fekk ho enda meir kunnskap og lærte alt ho no kan om strategi og produktutvikling.

Namnet Hjertblad er ein honnør til alt ho har lært gjennom karriera i hagebransjen. Hjerteblad er dei første blada på ei frøplante som blir danna etter at den har spira frå frøet, derifrå kan planta få vekse og vidareutvikle seg.

Hjerteblad er like mykje ei oppleving som ein butikk. Folk kjem langvegs frå for å oppleve Hjertebladhagen og få lærdom og inspirasjon av Merete sin kunnskap. Merete synar dei rundt i hagen og bidreg gjerne med råd og tips for at hagegjestane skal lukkast. Kundane blir ofte verande i fleire timar over ein kaffikopp og meir hageprat. Merete tykkjer det er kjekt å verte kjend med fleire folk og jobbar no med å få godkjent ein hagekafé slik at ho kan tilby gjestane meir enn kaffi.

I Hjertebladhagen er det økologiske og bærekraftige produkt som gjeld. Merete stiller høge krav til leverandørane sine og tek kun inn produkt ho sjølv nyttar. Det skal vere kvalitet i alle ledd.

Innimellom inviterer ho til kundekveld. Då er det enten ein leverandør som fortel om sine produkt eller andre lokale bedrifter og aktører med den same tilnærminga til ein naturleg og bærekraftig livsstil. Det er viktig å bruke kvarandre slik at ein saman kan dele kunnskap. Slike kundekveldar er veldig populære, lærerike og ikkje minst sosiale.

For mange er no hagen den nye stova, og Merete har fleire ambisjonar og planar for framtida. Hjerteblad sitt konsept har treft ei stor målgruppe i alle aldrar og kunnskapsnivå. No håpar Merete at ho snart kan få på plass ein kafé samstundes som ho jobbar med utvikling av nettbutikk og andre kreative idear.

Telefon: 934 48 983

E-post: merete@hjerteblad.no

hjerteblad.no

  • Instagram - svarte sirkelen
  • Facebook