hyllestad.info logo.png

Hyllestad Næringsråd (HNR) vart skipa i 2007, og er ei vidareføring av tidlegare Leirvik- og Sørbøvåg Næringssamskipnadar. 

 

HNR skal saman med Hyllestad kommune medverke til lokal vekst og utvikling. Medlemmane i HNR jobbar for å oppnå størst mogleg verdiskaping gjennom å fremme ressursane som finst i kommunen. Dei ønskjer å synleggjere mangfaldet i næringslivet og inspirere til meir vekst. HNR skal legge til rette for nettverksbygging og kunnskapsdeling for medlemmane. Dei skal også vere ein tydeleg stemme i strategisk viktige saker innad i kommunen og i regionen forøvrig. 

 

I 2021, og kommande fireårsperiode, har HNR og Hyllestad kommune eit ekstra fokus på havbruksnæring, reiselivsnæring, levebrødsbedriftene og samferdsle/infrastruktur. I tillegg støttar dei opp om felles prosjekt og arrangement som styrkar lokalt næringsliv eller bidreg til attrativitet og bulyst. 

 

I dag har HNR 53 medlemmar. Men no har dei lyst til å bli enda større og utvikle seg som medlemsorganisasjon. Det betyr at dei vil inkludere alle som brenn for lokal næring- og samfunnsutvikling. Uavhenging om du representer næringsliv og organisasjonar, om du er politikarar eller privatperson. Saman kan HNR bli ein meir synleg og attraktiv medlemsorganisasjon.

 

HNR gjennomfører medlemsmøter, styremøter, fokusgruppemøter, arrangement og andre tiltak som vil vere til gagn for medlemmane, kommunen, bygdene og nærmiljøa.

Dersom din bedrift, organisasjon eller du som privatperson ønskjer å bli medlem i HNR, kan du sende dei ein e-post eller ta kontakt direkte med styreleiar.

Kontakt:

Leiar Stian Hatlem

Tlf: 971 80 460

E-post: post.hnr@hyllestad.org

hyllestad.org

  • Facebook

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo