hyllestad.info logo.png

For ti år sida vart Hyllestad omstillingskommune. Då kom ideen om å utvikle «gamleverftet» i Leirvik. Målet var å erverve, forvalte og realisere eigedommen til bruk for både nye og etablerte bedrifter. Hyllestad Utviklingspark ville skape nye aktivitetar og arbeidsplassar i kommunen. 

 

Området, som er på heile 12 mål, er i dag ferdig tilrettelagt med straum, vatn, avløp og fiber. 

 

Første bedrift med fast leigeavtale var MH Service. Dei har bygd flytebrygge for yrkes- og fritidsbåtar med drivstoffstasjon og vatn. Det siste året er det fleire leigeavtalar som er kome på plass. Mellom anna har Hyllestad Utviklingspark leigd ut delar av området til Mesta. Dei trengde areal for lager, bu- og kontorrigg i samband med bygginga av ny gang- og sykkelveg gjennom Leirvik. Bedrifta Grunnfjell har leigd areal for lager i samband med bygging av kraftstasjon. 

MOWI Norway leiger areal for lager og kai for lasting og lossing.

 

Siste nytt hos Hyllestad Utviklingspark er at LH Mek har blitt leigetaker. Dei har fått bygd ein spesialtilpassa hall med  lager og verkstad på til saman 300 kvadratmeter. Hyllestad Utviklingspark er ansvarleg for bygginga og er nyleg ferdig med bygging av hallen. No gjenstår utvendig grunnarbeid, innredning og teknisk installasjon. Dei reknar med at det skal vere innflyttingsklart tidleg på nyåret. Tomta er på 3000 kvadratmeter, noko som opnar for å utvide seinare om det blir behov for det.

 

Styreleiar, Sigvar Giil, håper at denne utviklinga vil gjere området enda meir attraktivt for fleire arbeidsplassar og næringsaktivitet. Eigarane av Hyllestad Utviklingspark er Hyllestad kommune (70,6%), SDS Eigedom (26,5%) og Havyard Leirvik (2,9%). Dei som etablerar seg vil nyte godt av eigarane sine store nettverk innan ulike næringar og næringsrelatert verksemd. Næringsklynga i Leirvik består av gründerverksemder, servicetenester, havbruksaktørar, skipsverft og eit elektromiljø av dei sjeldne. Her er det kort veg til eit mangfold av kompetanse og kunnskap.

Det er store moglegheiter for å skape eit maritimt og innovativt miljø på det 12 mål store næringsområdet i Leirvik.

 

Kontakt: 

Styreleiar Sigvar Giil

Tlf: 911 48 192 

E-post: sigvar@hafs-elektro.no

hyllestadutviklingspark.no

  • Facebook
logo hup.png