Hyllestad Båtlag sitt hamneanlegg ved Myklebustneset på Hyllestad vart etablert og var klart for bruk i 1997. Lokale eldsjeler som ikkje hadde eigedom å legge båtane sine på, gjekk saman og kjøpte skøyte frå Prestegarden og bygde ut anlegget for eiga rekning. Før anlegget kunne etablerast måtte dei lage veg frå Sowerby og ned, dette vart gjort på dugnad. Etter at vegen var på plass kunne ein køyre ned gravemaskin og starte arbeidet med båthamna.
Anlegget, som har 20 båtplassar vart bygd utifrå dei fysiske begrensingane som plassen har. Området er trongt, noko som gjev få utviklingsmogelegheiter, men det var den einaste plassen som var ledig for båthamn i Hyllestadfjorden.
Laget er ope for alle med interesse for båt og båtliv.
Etter at hamna var klar, kjøpte folk seg plass etter kva breidde dei hadde bruk for til båtane sine. Plassering i havna vart avgjort ved loddtrekning.
Båtlaget kunne godt tenke seg at det vert bygt ut sanitæranlegg og gjestebrygge i området. I tillegg til dette kunne ein kanskje fått lagt ut fortøyingsbøyer slik at tilreisande kan få legge til.
Hyllestadfjorden har gode fiskemogelegheiter og anlegget ved Myklebustneset er eit fint utgangspunkt for turar på, - og bading i fjorden.
Medlemmane i båtlaget vedlikeheld anlegget på dugnad.
I tillegg til årsmøte har dei styremøte etter behov.

Om du ynskjer å kome i kontakt med Hyllestad Båtlag, gje ein lyd til Arvid Wallevik:

Tlf: 902 09 166
E-post: arvidwallevik@gmail.com