hyllestad.info logo.png

Eirik Mjømen, Kurt Kjos og Atle Tonning

Hyllestad Brannvern er ei kommunal bedrift eigd av Hyllestad kommune og har sidan 1994 heldt til i brannstasjonen på Myregjerdet på Hyllestad.

 

Alle kommunar er pålagde å ha eit brannvesen som er organisert, utrusta og bemanna, slik at oppgåver vert utført på ein tilfredsstillande måte. Brannvesenet skal vere organisert og dimensjonert etter risiko og sårbarheit i kommunen og distriktet. 

 

Brannsjef, Atle Tonning, har vore på stasjonen sidan 2000, medan Varabrannsjef, Kurt Kjos, har vore der sidan 1996. I dag er dei eit mannskap med fire utrykningsleiar, fire overbefal og ni brannkonstablar. Til saman 17 stykk, der to av dei er kvinner. 

 

Brannførebygging og brann- og redningsarbeid er deira oppgåver. Døgnet rundt og året gjennom er mannskapet klare til å rykke ut for å redde og verne om liv, helse, miljø og verdiar. Overbefala deler på helgevakt kvar 4. veke og kommunen har kun bemanna helgevakt. Det er likevel alltid eit overbefal  tilgjengeleg i kommunen 24/7 til å leie eventuelle aksjonar i vekene. Brannmannskap vert ukalla via terminalen som dei skal ha med seg 24 timer i døgnet når dei oppheld seg i kommunen. 

 

Mannskapet skal kunne bistå ved brann, trafikkuhell, redning på sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver. Dette betyr og ein del politi- og ambulansearbeid, då Hyllestad Brannvern oftast er fyrst framme ved ulykkesstad. Dei har difor teke eigne kurs retta mot politi- og helsetenester. Ved bilulykke må dei ofte ta bilde og dokumentere skade før politet kjem. Dei må og kunne behandle personar i trafikkulykker, og har alt nødvendig fyrstehjelpsutstyr slik at dei kan bistå i den grad det er mogleg og nødvendig.

 

Mannskapet er flinke til å ha debriefing etter alvorlege hendingar. Dei er alltid mentalt førebudde på det verst tenkelege når dei vert tilkalla, og dei snakkar mykje saman i bilen på veg til ulykkesstaden. 

 

Frå februar 2021 vil det ved brann og ved alvorlege ulykker alltid bli utkalla to brannvesen. I Hyllestad har dei personell som er utdanna og er med i industrivernet på Havyard. Men brannvernet manglar ein del nødvendig utstyr for å kunne utføre røykdykking, så kommunalt brannvern har difor ikkje godkjend røykdykkarteneste. Då er det ekstra betryggande å ha eit brannvesen til på staden som har godkjend røykdykkarteneste, sjølv om det kan vere lang utrykningstid. Hyllestad Brannvern skulle verkeleg ønskje at dei fekk tenesta godkjend i kommunen, spesielt sidan dei har både personell som er godkjende røykdykkarar, men mangler  nødvendig utstyr som er godkjent. 

 

I tillegg til å redde og verne om liv, jobbar og brannvesenet mykje førebyggande. Dei utfører tilsyn, gjer tiltak mot risikoobjekt og gjev informasjon til innbyggjarane i kommunen. I løpet av året arrangerar dei ei rekke informasjonstiltak og brannvernkampanjar, samt «Open brannstasjon» ein dag i året. Mannskapet bistår med kurs og seminar for organisasjonar, bedrifter, institusjonar, skular, barnehagar, velforeiningar og andre.

 

For å bli med i brannvesenet må du tåle mykje hardt og fysisk arbeid. Det er ingen krav til fagbakgrunn, men dei fleste som jobbar her har ein eller annan form for handtverks- eller helsefagleg utdanning. Du må ha førerkort, og det er positivt om du har utrykningsførarkort (kode 160) samt førarkort C og C1. Alle som byrjar her må ta grunnutdanning for å verte brannkonstabel og det er obligatorisk med 12 timar brannvern årleg. Det er mykje kursing  og mange krav som stillast til branmmannskapet, mellom anna er alle pliktige til å bære terminal for samband når dei oppheld seg i kommunen. Den vert som ein ekstra kroppsdel og det er viktig at dei kan kvittere om dei kan stille eller ikkje slik at ein veit kor mange ein kan forvente som kjem. 

Atle har eit budsjett han må følgje og set opp ein opplæringsplan til mannskapet kvart år. Han syt for at krava frå arbeidstilsynet vert innfridde og at dei har det utstyret som krevjast. Dei har innført «rein og skiten sone», noko som krevjast i forhold til røyk- og kreftfare. Mannskapet har fått nytt og moderne utstyr som oppfyller krava for sikker innsats i tillegg til at dei har ein rimeleg ny brannbil.

Med eit mannskap på 17 der mange jobbar deltid kan det til tider vere utfordrande å drive brannvern. Nokre har jobbar utanfor kommunegrensene, og som vi alle veit bur vi i ein kommune med lange avstandar. No under koronaepidemien har dei verkeleg fått kjenne på kor sårbare dei kan bli. Det har vorte ein del ekstra rapportering på mannskapet og det er krise om fleire må i karantene på same tid. Dei har heldigvis eit godt samarbeid med nærliggande kommunar som kan bistå om krisen skulle oppstå. Men ideelt skulle dei ha vore eit mannskap på 20 personar. 

 

Atle og Kurt opplever at det er stor interesse rundt brannvernet. Dei veit om fleire som ønskjer å verte med på laget. Dei har eit mannskap som trivast godt saman, og dei har fått inn mange yngre og pliktoppfyllande personar. No når dei har fått nytt og moderne utstyr trur dei at det bidreg til at endå fleire vil bli med.

 

Dei håpar dei at dei kan få plass røykdykkarteneste i kommunen då det kun er formalitetar som skal på plass. Tankbilen, som er ein veteran frå 1989, skulle og ha vore bytta ut. I tillegg treng dei meir plass og håpar dei kan få bygge ut brannstasjonen. 

 

Men dei klagar ikkje. Dei har det godt og er utruleg fornøgd med samarbeidet dei har med politi- og helsetenestene. Dei vert og veldig glade for tilbakemeldingane dei får frå folk, «det er godt å vete at ein vert sett pris på av innbyggjarane»

 

Frå 1. februar 2021 vil utalarmering skje via Bergen Brannvesen sidan alarmsentralen i Florø ikkje skal utføre desse tenestene lenger. Dei har hatt eit utruleg bra samarbeid med alarmsentralen i Florø og håpar overflyttinga ikkje vil by på utfordringar med tanke på geografi og lokalkunnskap.

Brannsjef Atle Tonning

Tlf: 975 30 458

E-post: atle.tonning@hyllestad.kommune.no