hyllestad.info logo.png

Hyllestad Bygg AS vart oppretta i 1987 – då var firmanamnet Hyllestad Byggeservice AS. Det var Jon Gisle Systaddal, Harald Espeland, Terje Tveit og Einar Kjønnås som vart samde om å etablere firma saman. Då jobba dei alle på oppdrag hos Kåre Tveit, som diverre gjekk bort, og dei måtte bestemme seg for kva dei ville gjere vidare. Jon Gisle vart dagleg leiar.

Formål  for firma var: Byggearbeid, samt utleige av arbeid, materiell, servicetenester og  andre produkt som naturleg fell saman med dette. Selskapet skal kunne  eige eller på anna måte ta del i andre forretningstiltak.

Etter kvart trakk Terje og Einar seg ut frå selskapet og etablerte seg i andre jobbar. I 2000 valde Jon Gisle å trekke seg ut frå firma for å ta vidareutdanning. Laila Johannessen, ektefellen til Harald Espeland, fekk tilbodet om å kjøpe aksjane til Jon Gisle og bli styreleiar. Noko ho takka ja til. Harald vart dagleg leiar og firma endra namn til Hyllestad Bygg AS. 

Sidan den gang har Hyllestad Bygg levert bygg- og tømrartenester til Hyllestad, Solund, Fjaler, Høyanger og Gulen. Dei har fast avtale om oppgraving av graver på kyrkjegardane i Hyllestad. Bedrifta har sentral godkjenning og er godkjent som lærebedrift. Det er mange som har fått grunnleggjande opplæring frå Hyllestad Bygg oppgjennom åra.

I desember 2020 vart Birger Bygstad tilsett. Han var betongarbeidar hos Harald Kapstad AS i Førde. På flyttelasset hadde han med seg sambuar Ida og dottera Annebell, og i mai kom dotter nummer to til verda. Birger er frå Skifjorden, og Ida er frå Meier-familien på Hyllestad. No har dei kjøpt seg hus på Sørbøvåg, og vil etablere familien sin der midt mellom besteforeldre i Skifjorden og oldemor på Hyllestad. 

Hyllestad Bygg tel tre faste tilsette og er nøgd med det. I tillegg nytter ein seg av samarbeid og innleige når ein har fleire eller større prosjekt. I tillegg til Harald og Birger, er Lars Espeland fast tilsett. Han tok fagbrevet sitt i Hyllestad Bygg for fem år sidan og er fagansvarleg for opplæring. 

Hyllestad Bygg utfører allsidige oppdrag innan rehabilitering, vedlikehald, ny innreiing, ombygging, tilbygg, påbygg og nybygg. Ordretilgangen er god, og det er samarbeid med andre bedrifter og jungeltelegrafen som er den beste marknadsføringskanalen. 

Hyllestad Bygg er medeigar i Hyllestad Bygg Invest AS og har byggeplanar i Myklebustfeltet på Hyllestad. Her vil dei bygge fire einebustader med utsikt mot Lifjellet og Hyllestadfjorden. Dei vil starte med hus nr. 1, som dei vil selje før dei går vidare til hus nr. 2. Tidlegkjøparar kan vere med å påverke materialval og innreiing. På heimesida til Hyllestad Bygg kan ein lese meir om utbyggingsplanane.  

Kontakt:

Harald Espeland

Tlf: 990 13 060

E-post: harald@hyllestadbygg.no

hyllestadbygg.no

firmalogo hyllestad bygg.png