hyllestad.info logo.png

Det har vore bibliotek i Hyllestad like lenge som Hyllestad har vore ein kommune. Men det har aldri vore så stort, og med så rikt utval som etter at dei flytta inn i det gamle banklokalet i kommunehuset i 1986.  

 

Marit Dale Hatlem har jobba i biblioteket sidan 1990. Ho er biblioteksekretær og gjer for det meste forefallande arbeid. Nokre av arbeidsoppgåvene er mellom anna klargjering av bøker, registrering av bøker og lydbøker i biblioteketsystemet Mikromarc, lage utstillingar, og arbeid i skranken med utlån og innlevering, og å setje bøker på plass og rydde i hyllene.   

 

I 1996 vart Sigrid Solberg tilsett som biblioteksjef, og ho har det faglege og administrative ansvaret for bibliotektenesta. Forutan å gjere mykje av dei same oppgåvene som Marit, har ho ansvar for innkjøp av bøker og lydbøker. Av andre oppgåver kan nemnast at ho planlegg arrangement i biblioteket, anten eigne arrangement, eller i samarbeid med dei andre biblioteksjefane i HAFS eller med til dømes Folkeakademiet. Elles prøver ho så godt ho kan å synleggjere biblioteket i lokalsamfunnet.

 

Etter å ha jobba der så lenge som dei har gjort, så veit dei kva folk likar å lese. Dei prøvar å vere allsidige slik at det er noko for ein kvar smak, og lånarane må gjerne komme med forslag til innkjøp av bøker.

 

Begge er einige i at 2020 har vore eit spesielt år. På grunn av korona var biblioteket stengt i fem månadar. Då måtte folk ringe, eller bruke heimesida for å bestille bøker. Vanlegvis får dei besøk av klassar frå skulen og borna i barnehagen, men i år har dei laga bokkasser som dei leverer ut. 

 

For Sigrid og Marit var det eit sakn å ikkje kunne ha besøkande innom. Arrangement er og noko dei har hatt mykje av før koronaen. Sigrid har tidlegare fått tak i mange kjende forfattarar til foredrag og kåseri. Dei har mellom anna hatt Stein P. Aasheim, Gøril Grov Sørdal og Sigri Sandberg på besøk.Dei gler seg til dette vert mogleg att, for det er ikkje berre kjekt og sosialt, det er og veldig populært blant innbyggjarane. 

 

Sigrid og Marit jobbar aktivt for å skape leselyst blant dei unge. Om sommarane arrangerer dei Sommarles for 1.-7. klasse. Det er ein digital lesekampanje der alle loggar seg inn og registrerar bøkene ein les, samlar poeng og får premiar etterkvart. Kampanjen har vore avslutta med Sommarlesfest, der mellom anna Kloven Knut har vore på besøk. 

 

Det er dokumentert at lesing er eit helsefremjande tiltak. Det er biblioteket som er ansvarleg for boksamlinga som er i dagsturhytta. Før hytta vart opna vart innbyggjarane invitert til å delta i strikkedugnad på biblioteket, der folk kunne strikke sitteunderlag som skulle ligge i dagsturhytta. 

Dagens bibliotek er ikkje lenger det den ein gong var. No har dei ikkje berre utlån av bøker og lydbøker, men og friluftsutstyr. På biblioteket kan du låne deg alt du treng til skitur, sykkeltur eller telttur. Dette tilbodet er veldig populært, spesielt i vinterferiar. 

Det meste er gratis å låne, bortsett frå syklar og skiutstyr som ein må betale leige for. Men til aktivitetar i barnehage og skuleregi, til dømes leirskule, er alt gratis å låne. Det er viktig at alle har moglegheit til å delta på aktivitetar som skulen arrangerar. 

 

Det vert og fleire og fleire digitale tenester. Du kan lese e-bøker eller høyre e-lydbøker, og du kan få tilgang til over 7000 aviser frå heile verda på nett. Frå å vere ein stille plass der ein ikkje skulle snakke så mykje med kvarandre, har dagens bibliotek vorte ein møteplass – og ein arena for samtale og debatt. 

 

Hyllestad folkebibliotek tilbyr fjernlån. Det betyr at Sigrid eller Marit kan låne inn det materialet du måtte ønskje. Med eit nasjonalt lånekort kan du låne bøker og levere bøker på akkurat det biblioteket som passar for deg. 

 

Sigrid og Marit vil avslutte med å sei at dei er veldig nøgde med plasseringa til biblioteket. Det ligg midt mellom skule og barnehage og det er det fyrste du ser når du kjem innom kommunehuset. Eit naturleg midtpunkt og møteplass for alle som kjem innom. 

 

Det beste i livet er gratis – bruk det lokale biblioteket ditt !

Sigrid Solberg

sigrid.solberg@hyllestad.kommune.no

Tlf: 577 89 541

 

Marit Dale Hatlem

marit.dale.hatlem@hyllestad.kommune.no 

Tlf: 577 89 540

 

bibliotek@hyllestad.kommune.no

Tlf: 577 89 540

 

hyllestad.kommune.no/bibliotek

  • Facebook

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo