top of page
hyllestad.info logo.png

På tur med Mona er ein frivillig aktivitet som vart starta av Mona Birkeland fordi ho sjølv er så glad i å vere ute i naturen. Alle arrangement og turar vert arrangert av Mona og ho prøvar å tilpasse seg alle. Men du må førebu deg på å gå tur i all slags vær og vind, for Mona er dette nemleg ikkje ei hindring!

Mona gjer dette fordi ho sjølv får so mykje glede av å vere ute i naturen og ho ønskjer å dele denne gleda med fleire. Mange av turane er tatt på sparket etter til dømes når ho ser at det vil verte ein fin solnedgang eller fordi ho ser at ho har tid og har sjølv lyst å komme seg ut. Det er difor viktig å følgje facebooksida «På tur med Mona» om du vil få med deg fellesturar.

Men det er ikkje berre fjellturar Mona går, ho arrangerer og padletur, skogstur, sykkeltur og tur på sti. Einaste kriteriet er at det er ute! Ho har til og med fått med venner på tur til Svalbard og Atlasfjella, men er då organiserte gjennom andre .

Mona er og opptatt av at born må komme seg ut og ho hjelper gjerne dei som ynskjer å prøve padling i kajakk. Ho har arrangert Triatlon som vart ein stor suksess med mange folk i sving. Ho fekk sponsa krans til vinnaren og Røde Kors var med for å passe på at alt gjekk bra. Dette er noko ho vil gjere igjen, og ho har mange idear om ulike arrangement. Ho har vore i kontakt med ein Yogainstruktør i Dale og diskuterer moglegheitene for å tilby pakkeløysingar. Har du ein ide til arrangement med «Tur med Mona», ikkje nøl med å ta kontakt

FB_IMG_1597825826648.jpg

Førebels gjer Mona alt dette frivilleg, nettopp på grunn av at ho elskar friluft. Drøymen hadde sjølvsagt vore om ho kunne ha det som levebrød.

Skjermbilde 2020-08-20 kl. 13.15.41.png

Kontakt:

Mona Birkeland

Tlf: 979 68 131

  • Facebook
bottom of page