

Partiet Høgre har eksistert i Noreg sidan 1884, og i 1979 vart Hyllestad Høgre stifta.
I dag er det Geir Helge Nordstrand som er leiar for lokallaget. Han er også varaordførar i kommunen og seier han er fødd og oppvaksen med Høgre som sitt parti.
Det var fyrst i 2011 at han verkeleg vart engasjert i politikken lokalt og fekk lyst til og være med å påverke lokalsamfunnet. Han var, som pårørande, ein del innom Hyllestad omsorgssenter i starten av 2011 og vart mektig imponert av den jobben som vart gjort der med små ressursar og etter hans meining, lita bemanning. Dette ville han gjere noko med og melde seg inn i Hyllestad Høgre og i 2011 vart han leiar for lokallaget.
I dag har Hyllestad Høgre 22 medlemmar. Tre av dei er med i kommunestyret og ein i formannskapet. Dei har gruppemøter for dei som er med i gruppestyret og medlemsmøter i forbindelse med til dømes budsjettforhandlingar.
Det er og ein del samlingar gjennom Vestland Høgre, og her rullerar dei på kor i fylket dei treffast.
Elles har dei stand i kommunen kvar gang det er valperiode, og er synlege på den årvisse Kvernsteinsmarknaden. I år er det val, så dei har planar om å profilere seg så langt det let seg gjere med koronarestriksjonar.
Det er viktig for Geir Helge å presisere at dei ikkje fører sentralpolitikk. Dei er opptekne av det som skjer i Hyllestad og ønskjer å påverke lokalsamfunnet til det betre. For å gjere det må ein vere aktiv og engasjert. Dess fleire aktive medlemmar dei har, dess meir påverkingskraft får dei.
Som lokalpolitikar kan du få moglegheit til å vere med å bestemme kva som skal skje i kommunen. Har du noko du brenn for, kan du som aktiv og engasjert medlem vere med å påverke dette.
Hyllestad Kommune har oppretta ei gruppe beståande av plan og samfunnsutvalet i kommunen, i tillegg har KRF ein representant med. Gruppa sitt mandat er å sjå på mogelegheiter for å auke folketalet i Hyllestad. Eit av tiltaka kan være å gje etablerartilskot for dei som byggjer,- eller kjøper brukte hus. Det er avsett 1 000 000 kr i budsjettet for 2021 til dette.
Om du ønskjer å verte medlem av Hyllestad Høgre kan du ta kontakt med Geir Helge eller gå inn på Høgre si heimeside. For å stille på liste eller val må ein vere betalande medlem, og her går halvparten av medlemskontingenten tilbake til lokallaget ditt. Om du ikkje ønskjer å vere aktivt medlem, men vil støtte Hyllestad Høgre, kan du bli H-partnar. Som H-partnar kan du gi eit valfritt beløp til ditt lokallag. Dette bidraget har stor betydning for gjennomføring av den lokale Høgre-aktiviteten i Hyllestad kommune.
Hyllestad Høgre ønskjer seg fleire medlemmar og alle over 15 år er velkomne til å verte med på laget. Dei ønskjer seg svært gjerne fleire unge og kvinner. Det er viktig med mangfald, variasjonar og eit brennande engasjement for kommunen.