top of page
hyllestad.info logo.png
Hyllestad Idrettslag

Hyllestad idrettslag vart etablert i 1950 og er ein breddeklubb med mange aktivitetar. Til dømes fotball, handball, biljard, badminton, friidrett, sykkel, bogeskyting, fjelltrim, barneidrett og volleyball. Hyllestad Idrettslag har faste møter etter oppsette planar, både styremøter og møter i dei ulike undergruppene. Fast møtestad for HIL er i Fleirbrukshuset på Hyllestad som dei eig i lag med Hyllestad Grendalag og Hyllestad Røde Kors. Dei siste åra har dei vore veldig aktive med mellom anna etablering av løpebane, lys på «bana» og som samarbeidspartnar med Hyllestad kommune i bygginga av Hyllestadhallen.

Folkehelse er viktig for idrettslaget. Alle aktivitetane i laget gjev grunnlag for god helse, både fysisk og mentalt. Dugnadsånda er sterk i laget, og er avgjerande for at laget skal kunne gje eit så breitt aktivitetstilbod. Mange bidreg som trenarar og instruktørar for til dømes aldersbestemt fotball, handball og biljard. 

Leiar av idrettslaget seier at det viktigaste for idrettslaget er at det skal vere moro!

Ynskjer du å komme i kontakt med HIL, ta kontakt på Facebook, heimesida deiras, direkte med leiar Morten eller møt opp på treninga/aktiviteten du har lyst til å vere med på så tek ein det derifrå.

Hyllestad Idrettslag

Oversikt over aktivitetar 

finn de her

Leiar: Odd Helge Hatlem.  
E-post: ohatlem@gmail.com

hyllestadil.wordpress.com

  • Facebook
bottom of page