Heilt sidan 2005 har Gjermund Flage hatt eit samarbeid med Eide Ferie & Fritid der han hjelpte dei med utleige av båt. Søskenbarnet Oddleif Hatlem, som er oppvaksen i Hyllestad, men utflytta i ung alder, hadde behov for båt når han skulle til fritidsbustaden i Lifjorden, og då tok han etter kvart kontakt med Gjermund. Dei hadde hatt liten kontakt med kvarandre i vaksen alder, men brått oppdaga dei felles interesse og lidenskap for båt, og i 2012 bestemde dei seg for å starte opp eit firma ilag. Slik vart Sognefjord Boating AS til.
Sognefjord Boating har i dag fire båtar og to vannscootarar til utleige i Hyllestad, og i tillegg formidlar selskapet utleige av to båtar i Stavanger-området. Båtane kan mellom anna brukast som hyttebåt, til dags- og weekendturar, vassport og for havfiske. I tillegg til utanlandske turistar som leiger båt når dei kjem hit for å feriere, oppdagar fleire og fleire nordmenn fordelane med å leige båt framfor å eige sjølv. Det er billegare då ein slepp kostnader ved forsikring, båtplass, vedlikehald og service og verdireduksjon, og det er fleksibelt då kunden kan velje type båt etter kva slags behov ho eller han har frå gong til gong.
For kundar som kjem attende fleire gonger i året, eller lokale kundar som ynskjer tilgang til ein båt på einskilde dagar det passar dei, tilbyr Sognefjord Boating eit rimeleg alternativ dei har kalla «Fleksileige». Fleksileige inneber at kunden betalar lågaste sesongpris for ein bestemt båt ei veke, og at ein kan bruke båten når ein har behov gjennom året. På denne måten kan kundar bruke båten på dagsbasis til en vesentleg lågare pris enn om ein leigde ein og ein dag.
Gjermund og Oddleif har saman utvikla ein provisjonsmodell som gjer at privatpersonar eller andre selskap som ynskjer å leige ut sin båt, kan gjere det gjennom deira selskap. Eigarane til båtane i Rogaland som dei formidlar, har inngått formidlingsavtalar med Sognefjord Boating. Å leige ut båt krev både rutiner og dokumentasjon, og dette slepp privatpersonane å utarbeide sjølv når dei har avtale om utleige gjennom solide Sognefjord Boating. I tillegg står selskapet i slike høve for all marknadsføring og sal av formidlingsbåtane fram til avtale om utleige er gjort med kunden.
Men for å kunne sove godt om natta når ein driv med båtutleige, må dei vite at sikkerheita er på plass. Dei var begge einige om at skulle dei drive firmaet saman so skulle dei vere blant dei beste i marknaden på handtering av situasjonen. Dei har difor brukt mykje tid på å utvikle sikkerheitsskjema og avtaleverk. Dei har eit krav om eigenerklæring om tidlegare erfaring og båtførarbevis (for kundar født etter 1979), for å unngå uheldige situasjonar og ulykker. Dei er trygge på konseptet sitt og det gjenspeglar tilbakemeldingane dei får frå kundane sine. Dei har faste kundar som kjem år etter år, og dei har allereie fått inn bestillingar på båt i 2021. Dei får tilbakemelding på at dei framstår som særs serviceinnstilte og seriøse, og fram til no har det ikkje vore nokon som har gitt tilbakemelding på at dei har vore misfornøgd. Slik ynskjer dei å fortsette.

Målet til Oddleif og Gjermund er å gjere Vestlandet sin unike skjergard og spektakulære fjordar endå meir tilgjengelig for båtfolk frå inn- og utland.
Dei inviterer til trygg og enkel båtutleige.
Det manglar ikkje på idear, og dei veit at fleire ville nytta seg av tilboda om dei visste at det fantes. Men både Gjermund og Oddleif har fulltidsjobbar utanom, så utviklinga av bedrifta tek difor tid. No jobbar dei med å bli meir synleg i lokalsamfunnet og har inngått eit samarbeid med Hotel Sognefjord. Dei jobbar og med å få til ein vannscootersafari og håpar dei neste sesong kan lukkast med dette nye aktivitetstilbodet.
Målet for Gjermund og Oddleif er å kunne fortsette å utvide tilbodet av solide og sikre båtar og aktivitetar, å skape god lønsemd i firmaet og etter kvart skape nokre sesongbaserte arbeidsplassar. Båtentusiastane har stor tru på konseptet og selskapet, ikkje først og fremst med tanke på inntening, men då dei ser at det er eit godt og etterspurt bidrag til aktivitetstilbodet i Hyllestad.