top of page
hyllestad.info logo.png

I 2014 var Hyllestad ein omstillingskommune og Øyvind deltok i prosjektet som omhandla å utvikle Hyllestad Utviklingspark. Sjå på moglegheiter for tilrettelegging for etableringar og nye næringar på området. På same tid begynte ungane til Øyvind å spørje om dei ikkje skulle starte på noko sjølv. Øyvind hadde då vore driftsleiar for Marine Harvest i 25 år, i eit solid firma han trivast godt i.

I oppdrettsbransjen opplevde Øyvind stadig vekk at dei som kom for å spyle nøter ikkje var folk frå næringa og dei måtte ofte spørje om hjelp. Han tenkte den gangen at her var det ein marknad som kunne forbetrast. Han begynte å leike med tanken om å starte opp noko sjølv. Og då oppdrettarar i nærområdet ville gi han intensjonsavtale, bestemte han seg for å seie opp den faste gode stillinga for å satse. Det var no eller aldri. Med seg på laget hadde han sønene Alexsander og Fredrik, samt Irene Bøe frå Aria Invest AS.

Yatek AS blei stifta i 2015 og det var sonen Alexsander som laga logoen. Namnet Yatek kjem av at bedrifta køyrer Yanmar spylar, og det var difor viktig at bokstavane YA var med. I tillegg har Øyvind ei fosterdotter som heiter Ayla som og har AY i namnet sitt. «Ya» saman med «tek» klang godt, og slik blei det.

Det første året var det frykteleg mykje arbeid. Dei kjøpte ei gammal ferje som dei måtte rigge, og folk i bransjen lurte på om dei var blitt heilt galne. Ferja gjekk berre 6 knop og dei måtte ha med seg bil og måtte overnatte på forskjellige campinghytter når dei var på oppdrag.


Øyvind var den andre personen i landet som kjøpte Yanmar spylar. Han visste at det var den beste og mest effektive spylaren på marknaden. Og på grunn av den fekk dei oppdrag som andre rett og slett ikkje klarte å gjere. Slik bygde Yatek seg sakte, men sikkert større.

I 2017 var dei komen til eit punkt der det ikkje lenger var aktuelt å fortsette slik dei heldt på. Enten kunne dei selje det dei hadde, og gått der frå med ein liten gevinst, eller så kunne dei investere i ein ny og betre båt. Dei valde det siste og i slutten av mai kom «Ayla», eit nybygg frå Norse Celik på 15 meter. No hadde dei moglegheit for å bu på båten, noko som var eit stort pluss når ein var på oppdrag.

I tillegg til å vere ute på oppdrag med notspyling og servicetenester til oppdrettsnæringa, jobbar Yatek  med å gjere ferdig ombygginga av sin andre båt, Transporter. Den skal bli ein moderne og høgteknologisk båt med ein heilt ny spylarteknologi frå Sperre AS. Den nye spylaren er ein Flying Net Cleaner 8 (FNC8) som har ein enorm  reingjeringseffektivitet gjennom ROV teknologi. 

yatek.jpg

Yatek har i dag fem tilsette, men dei har til tider ekstremt mykje arbeid og er no på utkikk etter ein lokal vikar med maritim bakgrunn.

 

For Øyvind er det viktig å vere best på det dei gjer, det skal vere kvalitet og service i alle ledd. I tillegg til å ha spisskompetanse på spyling, har han og mykje erfaring frå tida i oppdrettsnæringa og ser fort om det er noko som bør utbetrast når dei er ute på oppdrag.

Til no har ikkje Yatek hatt noko særleg behov for marknadsføring. Øyvind var eit kjent namn for dei fleste i næringa, og med spisskompetansen og gode service har jungeltelegrafen ført dei dit dei er i dag. Dei har kundar og oppdrag heilt frå Øygarden og til Florø.

 

Øyvind påpeikar at det ikkje er bra om det blir så mykje arbeid at dei får kapasitetsproblem. Det er viktig å levere og å vere best i det dei gjer. Planen er å fortsette slik dei har det no og spesialisere seg ytterlegare på spyling. No blir det fleire og fleire lukka merdar på anlegga, og Øyvind er ikkje beskjeden når han seier at Yatek skal bli best på spyling der og!

Yatek-logo-300x103.png

Tlf: 48 23 08 70

E-post: post@yatek.no

yatek.no

 

  • Facebook
bottom of page