hyllestad.info logo.png

I 2011 bestemde Jostein og Kirsten Ryland seg for å starte eiga verksemd med fokus på sal og oppføring av hus og hytter. Etableringa var basert på Jostein si lange erfaring innan byggebransjen, der han sidan 1980 har jobba med bygging av hus, hytter og andre større prosjekt, både som utførande og som administrativ leiar. Siste 5-6 åra jobba han i Gravdalgruppa si bustadavdeling i Førde, og lange reisedagar var ei medverkande årsak til oppstarten av Ryland Bygg. Saman med kona, Kirsten, starta dei heime på loftet i garasjen og det har dei ikkje angra eit sekund på! Det er ein ny og meir befriande kvardag, sjølv om det ofte blir jobbing både i helgane og på kveldstid. Men då er det fordi ein vil og ikkje fordi ein må.

Kirsten tek seg av økonomi og litt administrasjon, medan Jostein, som er dagleg leiar, tek seg av planlegging, prosjektering, oppfølging og befaring. Han gjer eigentleg alt frå start til slutt, det einaste han ikkje gjer no er å fysisk bygge. Der leiger dei inn tømrarar og andre firma som utførar jobben. Då legg Ryland Bygg alt til rette slik at dei innleigde skal komme inn å gjere sin jobb utan å måtte ha kundeoppfølginga i tillegg. Den tar nemleg Jostein seg av. Garasjen vart fort for liten så i 2013 starta dei å bygge sitt eige lager- og kontorbygg, på ei tomt attmed bustadhuset deira, kortreist veg på arbeid er framleis eit stort pluss!

Jostein har i mange prosjekt jobba tett med ulike arkitektar, og gjennom desse samarbeida har han lært å tenkje kreativt på ein heilt ny måte. Han jobbar mykje med tankar og idear inni hovudet før det blir realisert på papiret. Han elskar utfordringar og er flink til å finne dei beste og mest praktiske løysingane for kundane sine. Det beste han veit er å stå på ein tomt saman med eit ungt par som ynskjer å bygge seg hus og skape eit framtidig liv. Då fortel dei om sine draumar og Jostein vil då gjere alt han kan for å gje det unge paret den perfekte heimen. Det finnast ikkje noko betre enn når han kan få realisert kunden sin draum og får overlevere nøkkelen!

Ryland Bygg samarbeider med mange, både tekniske- og byggentreprenørar. Dei har også etablert to firma til, saman med andre entreprenørar, som gjer det mogleg å ta på seg større prosjekt, slik som til dømes Hyllestadhallen, og også tilby nøkkelferdige bustadløysingar på tomteområde dei sjølve har utvikla.

I 2019 vart Ryland Bygg ein del av Norgeshus-kjeda. Ein kjede dei meiner har eit godt renommé og eit namn som er kjend for dei fleste. Dei jobbar aktivt med å bygge relasjonar i bransjen og det er viktig at ein har «eit trekkspelforhold» om kapasiteten i kommunen. Alt ligg til rette for gode samarbeid og Jostein påpeikar at ein aldri må svikte der ein bur. Difor gjer dei alt dei kan for å vere konkurransedyktig på pris og tilpasse seg behov.


Og så lenge dei har helsa i behald ynskjer dei å fortsette med realiseringa av bustaddraumane til stadig nye kundar.

E-post: jostein@rylandbygg.no

Telefon: 992 81 401

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo