hyllestad.info logo.png

I 1987 vart Per-Ragnar Løvø tilsett som butikksjef. Den gong var det Rune Iden som dreiv under firmanamnet Rune Iden Daglegvarer AS. I 1999 overtok Per-Ragnar drifta. Butikken har vore knytt til Norgesgruppen i over 25 år, og dei har ingen planar om å byte.

Seks år etter at Per-Ragnar overtok drifta, byrja Wilma å jobbe på butikken. Wilma er eit kjent fjes for alle som bur, eller har fritidseigedom i Hyllestad. Då ho byrja var ho den yngste, og no er ho den eldste. Ho har tenkt å bli her heilt til ho pensjonerer seg.

Cecilie er også eit kjent fjes for mange, og ho har vore tilknytt Spar butikken lenge. Ho begynte som ekstrahjelp tidleg, og i 2014 vart ho fast tilsett. Ho trivast godt, og har ingen planar om å byte jobb.

I dag har butikken 6 årsverk, og i tillegg er det en ekstrahjelper i helgar og feriar. Dei tilsette har kvar sine arbeidsoppgåver, men dei må og kunne gjere alle oppgåvene som trengst i butikken. Og arbeidsoppgåvene er det ikkje få av. Nokre av dei faste oppgåvene som kan nemnast er varemottak, varebestilling, rekneskap, klargjering av butikken, kontrollere varer, og syte for at hyllene er fulle.

Hos Spar Hyllestad finn du alltid gode tilbod, og eit breidt utval av ferske brød og bakevarer, og fargerik frukt og grøntavdeling. Dei har ferskvareavdeling, der kundane kan få kjøtet sitt kutta slik dei ynskjer, og dei kan bestille heil slakt om dei ynskjer det.
Det aller siste nye er at ein kan bestille kake på nett, og hente i butikken , dagen etterpå.

"Bank i butikk" er også nytt, der ein kan få sette inn, og ta ut kontantar. Men det er ikkje berre mat å få hos Spar. Du finn eit stort utval av "non-food", mellom anna fiskeutstyr, garn og sysaker. Litt leikar til born har dei og.

Frå venstre: AnnBrith, Monica, Per-Ragnar, Wilma, Jeanette og Cecilie

Per-Ragnar er ein god sjef, legg tilrette for at dei tilsette alltid er oppdatert, og han tilbyr fagkunnskapen sin, som gir inspirasjon vidare til kundane. Dei tilsette tek kurs, i regi av Spar kjeden sentralt, og er med på møter i Oslo.

 

Det er omsetjinga som bestemmer om dei kan tilsette fleire. Og dei ser at verftet er ekstremt viktig for at butikken skal gå rundt.

  • Facebook - svarte sirkelen

SPAR Hyllestad

Telefon: 57 78 85 59

E-post: spar.hyllestad@spar.no

spar.no

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo