hyllestad.info logo.png

Etter at læretida på Voss var ferdig, ville Jofrid Eide flytte heim, og i 1992 starta ho opp si eiga salong i Skifjorden. Den gang heitte salongen Jofrids Frisørstove. Namnet var tydelegvis sært for Jon Almaas, for i ettertid har ho fått vite at namnet på frisørsalongen hamna i ei bok han skreiv, under kategorien  «rare namn på frisørsalonger» i Noreg.

For 5 år sidan flytta Jofrid salongen til Sørbøvåg og endra namnet til Reset Frisør AS. Namnet Reset har to tydingar. I tillegg til å vere eit lokalt stadnamn på Sørbøvåg, tyder det og tilbakestilling/fornying på engelsk.  Slagordet til Reset er «når du treng fornying».

Hos Reset Frisør kan du få gjort det meste innan frisørfaget. 

Ho tek imot bruder, og oppsetting,  makeup og stell av skjegg er nokre av tilboda.  I salongen finn du eit breitt utval av produkt, både til hårpleie, og sminke. Jofrid tykkjer det er kjekt med variasjon og likar utfordringar. Ho legg stor vekt på å oppretthalde og utvikle fagleg kunnskap og deltek difor på fleire kurs og faglege samlingar i året. For å oppretthalde kunnskapen må ho og jobbe  med modellar slik at ho får øvd seg.

Jofrid er oppteken av at kundane skal føle ro og velvere, utan kjas og mas, når dei er hos ho. Ho er og veldig oppteken av å forstå kundane sine og set pris på når dei kjem med bilete av kva frisyre dei ser for seg. At kundane er fornøgd er det aller viktigaste, og Jofrid prøvar so godt ho kan å tilfredstille deira behov. Tydelegvis har det treft godt, for ho har mange faste kundar og fleire som kjem langvegs frå.

Jofrid har draumejobben og trivast veldig godt. Ho jobbar åleine no, men kan godt tenkje seg ein arbeidskollega/partner, om den «rette» dukkar opp. Slik arbeidsmengda har vore no, har det vore aktuelt.  Ein vert aldri utlærd og det er alltid noke ein kan gjere betre eller annleis. Ingen dag er lik og ho tykkjer det er utruleg kjekt å jobbe med menneske og å sjå at dei vert glade og fornøgde.  

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen