hyllestad.info logo.png
NAV Hyllestad
hyllestad-logo.png

NAV sine tenester treng å vere der folk bur og jobbar. Mykje av det NAV jobbar med er ofte tabubelagt og sensitivt, og då er det viktig å bygge relasjon og tillit. Dette får ein ikkje om ein gjer alt digitalt. NAV Hyllestad set pris på tilbakemeldingar i form av ris og ros frå innbyggjarane slik at dei kan gjere sitt beste på å tilpasse seg  brukarane sine behov.

Om du treng råd eller rettleiing kan du avtale tid med NAV Hyllestad. Kontorlokala er på kommunehuset.

NAV er ei landsomfattande bedrift som gjev oppfølging av dei som treng bistand over kortare og lengre tid, som til dømes har utfordringar knytt til arbeid, helse og økonomi.


NAV har mange utviklingsoppgåver og må heile tida følgje statens og kommunens retningslinjer innanfor prioriterte satsingsområde. Per no er hovudprioriteten inkluderingsarbeid mot arbeid som omfattar flyktningar, ungdom og personar med nedsett og redusert arbeidsevne. Dei seier det er veldig gjevande å kunne arbeide med desse prioriterte gruppene, og det er ingen ting som gler dei tilsette meir enn at mennesker kjem inn i  eller tilbake i arbeidslivet. 


Når ein treng hjelp eller rettleiing frå NAV er det ønskjeleg at ein først tek kontakt med NAV sitt kontaktsenter. Dei kan rådgje på det aller meste, men om det blir for mykje å ta over telefon kan dei formidle kontakt med lokalt NAV kontor for vidare oppfølging. 


NAV Hyllestad samarbeider med NAV Fjaler og NAV Askvoll om jobbverkstad i Dale. Her hjelper dei arbeidssøkjarar med informasjon om jobbmarknaden, korleis ein kan nytte digitale verktøy og korleis ein skrive ein bra CV og søknad. Som arbeidssøkjar er det viktig å vere aktiv sjølv mot arbeidsmarknaden.

Telefon:  55 55 33 33 (mellom kl. 08:00 -15:30.)

www.nav.no