top of page
hyllestad.info logo.png

Sognhostel AS er eit familiedrevet hostell på Sørbøvåg. Bygget var tidligare brukt som skule, barnehage og asylmottak. Etter at det hadde stått tomt ei stund var det på tide å få aktivitet i bygget igjen og då kom ideen om eit hostel, og i mai 2018 vart Sognhostel opna.


Det var mykje jobb i oppstarten med praktisk arbeid og rydding for å få det klart. Dei har malt og renovert, kjøpt inn mykje nytt utstyr til både kjøken og treningsrom. No ønskjer dei at Sognhostel skal vere ein koseleg overnattingsplass for gjester året rundt.


Det er Anne Berit og dottera Marita som har ansvar for drifta av Sognhostel og dei står for vertskap, booking, vasking og rydding. Dei ønskjer å ha kontakt med gjestene sine og bidreg gjerne med anbefalingar til kva ein kan gjere i besøksområdet.

Dei ser verdien i å samarbeide med andre bedrifter i kommunen slik at dei kan tilby ei oppleving for gjestane slik at dei vil bli lengre og oppleve alt det vakre Hyllestad har å by på. Som gjest på Sognhostel får ein bu stille og roleg i naturlege omgjevnader. Sognhostel har 20 rom og kan ta i mot meir enn 50 gjestar. Gjestane har tilgang til eit stort uteområdet med rom for mykje aktivitet og moro.


Anne Berit og Marita er spente på utvikla av Geo- og regionalparken og trur det vil gjere at interessa for Hyllestad blir større.

Frå sesongen 2021 har Sognhostel også oppstillingsplass for bubilar, tømmestasjon for bubilar og moglegheit for telting på uteområdet.

241883259.jpg
33375601_450063058752331_549364933638855
  • Instagram - svarte sirkelen
  • Facebook

Åfjordvegen 676
6958 SØRBØVÅG

Tlf: 907 87 693

post@sognhostel.no

sognhostel.no

20190616-3M2A2660.jpg
bottom of page