hyllestad.info logo.png

Kent Rune Hatlem sin interesse for fiskebåtar byrja allereie i barndomen. Naboen på Hatlem hadde fiskebåt og han fekk lov til å hjelpe til om somrane. Då Kent Rune skulle velje linje på vidaregåande var det ikkje tvil; fiskerilinja på Måløy var der han skulle gå.

Etter han var ferdig på fiskerilinja fekk han læretida si på Frøybas i Kalvåg. Der fortsatte han å jobbe og i 2017 fekk han tilbod om å kjøpe ein båt av Frøybas. Han kjøpte båten og reiste heilt opp til Finnmark der han vart verande i 2 månader for å fiske. Og det var slik Åfjord Fisk vart til.

I 2018 fekk han ny stilling som Styrmann i Frøybas, og året etter selde han den første båten sin og kjøpte ein ny, større og betre ein. Det var ein 32,5 fot sjark som fekk namnet Åfjord.
Kent Rune har brukt mykje av tida si på verkstad for å få båten slik han vil, og han er endå ikkje ferdig. Han ynskjer å bli verande i Frøybas samstundes som han utviklar Åfjord Fisk.

I fjor søkte Kent Rune til Fiskeridirektoratet om rekrutteringskvote. Det er berre 10 båtar som får utdelt kvoten. Søkjarane blir bedømt etter utdanning og fartstid. Kent Rune var heldig og var den siste som vart utdelt kvoten på 50 tonn. No er han sikra kvoten for alltid, noko som betyr at han kan satse meir på Åfjord Fisk. Men næringa står for tida på vent. Bankane er begynt å bremse og kontraktar rundt om stoppar opp. Kent Rune seier det er tre ting som gjer at fiskaryrket er usikkert - og til tider utrygt; vær, vind og regjeringa. Ein er ikkje gitt å få fisk, og utan fisk tener ein ikkje pengar. Og mykje av pengane som kjem inn går vidare til investering av utstyr og reparasjon av båt. Ein går ikkje i pluss dei første åra som fiskar. Då er det ekstra trygt for Kent Rune å ha jobben sin hos Frøybas.

Kent Rune trivast godt i Frøybas og får mykje støtte og hjelp frå dei. Planen er å bygge opp Åfjord Fisk ved sidan av jobben i Frøybas. At Kent Rune fekk rekrutteringskvota gjorde det mykje lettare å tenkje langsiktig å lage ein plan for vidareutviklinga.

No ligg båten Åfjord til kai i Lærdal. Dette er fordi det ikkje finnast plass til den i Hyllestad. Kent Rune synast det var frykteleg dumt at prosjektet om båthamn i Sørbøvåg vart stoppa opp. Han er avhengig av å ha ein båthamn i fjorden, og blir ikkje dette noko av må han vurdere om han må flytte. Det har han eigentleg ikkje lyst til!

 

Kent Rune har verkeleg funne draumejobben og anbefaler fleire å bli fiskar. Næringa er i god vekst og det er plass til fleire. Han gler seg til å sjå kva han kan klare å bygge opp med Åfjord Fisk og ser lyst på framtida.

  • Facebook

Åfjord Fisk v/Kent Rune Hatlem

6958 Sørbøvåg

 

Tlf: 909 94 354

E-post: kentrunehatlem@gmail.com

Foto: Erik Hovland

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo