hyllestad.info logo.png
Systad Bruk

Systad Bruk – Gnr 60, bnr 3

Arnt Inge Hjelmeland

Systaddalen 17

6953 Leirvik i Sogn

Tlf:  907 36 146

E-post: arnt-inge.hjelmeland@enivest.net

Systad Bruk, eit gårdsbruk på ca 340 dekar, har eksistert heilt tilbake til midten av 1800-talet. Arnt-Inge Hjelmeland veit at oldeforeldra har budd og drive garden, men sannsynlegvis har det vore enda ein generasjon til.

På 1800-talet og tidlegare var det mange hus på Systad der alle dreiv med gardsbruk. Den gang var Ekreskar også ein del av Systad.

 

Det var mange hus der, men alt brann ned i ein stor brann! For å redusere konsekvensane etter den fæle hendinga, blei storgarden delt opp og spreidd til mange småbruk.

No er det berre Arnt-Inge som driv gardsdrift med mjølkeproduksjon på Systad. Han må også ta seg av fleire gardstomter for å få ting til å gå rundt. Han slår 10 garder frå Leirvik til Dalsbygda og til Hyllestad. Og om vintrane har han ansvar for brøyting i Leirvik. 

Overtakinga av garden kom ganske så brått på Arnt-Inge i 1987. Begge foreldra døydde tidleg og Arnt-Inge var berre 22 år då han overtok. Det var mykje å sette seg inn i for han og kona, Monica. Heldigvis var det fortsatt mange mjølkebønder igjen i nabolaget. Her var det eit godt miljø og mykje kunnskap slik at dei fekk god hjelp. 

Arnt-Inge var ikkje odelsgut, men han hadde alltid hatt ei interesse for landbruk. Han seier det er noko heilt unikt å få jobbe med dyr, så for han var det ein sjølvfølge at han skulle overta drifta når odelsguten ikkje hadde same interessa.

I dag er han glad og takksam for at sonen Kristian hjelper han med alt som skal gjerast på garden, og at han med tida ønskjer å overta bruket. Utan Kristian og avløysar hadde han ikkje klart å drive garden slik han gjer i dag.

Systad Bruk er ein tradisjonell mjølkeprodusent med 18 mjølkekyr. I tillegg har dei to hestar og tre geiter som brukast som beitepussar om sommarhalvåret. Til geitene har dei fått laga eit virtuelt beite. Geiter er utruleg intelligente dyr og lærar fort. Om dei kjem for nære det digitale gjerde so kjem det ein lyd. Då veit dei at dei ikkje skal gå lengre. På denne måten har Arnt-Inge og Monica gitt dei eit enormt område dei kan boltre seg på. Og til gjengjeld bidrar dei til at områda rundt garden ikkje gror igjen. 

Kapasiteten er sprengt og dei manglar det viktigaste; ein større driftsbygning. Difor har dei ein avtale med Leif Eide som tek inn kvigekalvar og fôrar dei opp, for så å selje dei tilbake til Arnt-Inge. Han har rett og slett ikkje plass til å avle dei opp sjølv, men jobbar no med å bygge om fjøsen. Han er nøydd til det for å komme opp i maks mjølkekvote, men ønskjer det også både for dyras velferd og for å kunne følgje krava som stillast til landbruket. 

Systad Bruk er knytt til Tine og Gilde. Dei har gode rådgjevarar som bistår når det trengs. I tillegg får dei god hjelp og assistanse av veterinærtenesta i kommunen og frå Norsk Landbruksrådgiving. 

Det er utruleg godt og betryggande å ha eit godt nettverk og mange å støtte seg på når ein driv gard. Ein kan ikkje klare det heilt aleine. Og det kan vere ganske einsamt når det er langt mellom kvar bonde. Kunnskap, miljø og støtte er alfa omega for å få norsk landbruk til å gå rundt. 

Arnt-Inge har ein genuin interesse for det han drive med. Jobb og fritid går i eitt og han kunne ha prata i evig tid om landbruket. Det er mykje spennande som skjer på teknologisida innan næringa, og får han og Kristian generasjons- og byggeplanar i boks, ser han lyst på framtida til Systad Bruk.

Det er givande å vere bonde!