Hyllestad Jakt og Fiskelag (heretter HJFL) vart skipa i 1985 og er eit aktivt lag med om lag 70 medlemmar. I fylkesmålestokk er dei gode på born- og ungdomsarbeid og har fått NJFF/SF sin borne- og ungdomspris.
Årleg arrangerar dei fiskekonkurransar i Myklebustelva for barnehage og skule. Dei har skytebane på Øveråshøgda i samarbeid med Skor Skyttarlag der dei har leirduebane og arrangerar feltstemner, lagskyting og jegerprøvekurs. I tillegg legg dei til rette for trening og prøve for storviltprøva.
HJFL har og fått midlar til kjøp av skytesimulator til bruk i Hyllestadhallen. Dette ligg litt på «koronavent», men er noko dei trur vil fenge mange.
Dei leiger jaktområde i Prestemarka på Hyllestad og her kan alle delta. Her heng det og nokre mårfeller som Hyllestad skule lånar av dei.
HJFL har godkjend instruktør i aversjonsdressur, som er einaste godkjende måten å dressere hund mot å jage sau/klovvilt. Dei sel og hundefôr av høg kvalitet til låg pris.
Dei er og aktive med å kultivere fiskevatn. Mange av fjellvatna i kommunen var tidlegare så forsura at aùren vart utrydda. Til dømes har dei i tre år kalka Flossvatnet ved bruk av helikopter, og sett ut aùre frå Bergsvatnet som ikkje har vore surt.
Dei er no i gang med å kultivere fleire andre vatn, mellom anna Sørefjordsvatnet ved Dagsturhytta. Grunneigarane ved Sørefjordsvatnet vil opne for fiske der i 2021. Her vil dei utbetre gytebekken litt og hente eit par sekkar til med aùre frå Flossvatnet så er dei i mål med dette vatnet. Om du har lyst å hjelpe til med kultivering er det berre å ta kontakt.
Dei har nyleg etablert seg med møtelokale og lager i det som tidlegare var Frisørloftet på Fleirbrukshuset. Her har dei fått seg ein godt eigna stad der dei trivast godt.
