

Kontakt:
Leiar: Jostein Ryland
E-post: jostein@rylandbygg.no
Tlf: 992 81 401
Kommunest. gruppeleiar: Ingunn Sognnes
E-post: ingunn.sognnes@gmail.com
Tlf: 970 44 591
krf.no/lokallag/hyllestad-krf/
Kristelig Folkeparti vart stifta i Noreg 4. september 1933, og datoen har sidan vore feira som KrF sin «bursdag». Hyllestad KrF vart stifta i 1957 og hadde sitt fyrste årsmøte 1958. Olav Bruknapp, sokneprest i Hyllestad og ordførar i perioden 1960-64, var sterk initiativtakar til å skipe eit lokallag av Kristeleg Folkeparti. Hyllestad KrF hadde stor oppslutnad i åra 1960 til tidleg 70 talet, og hadde ordførar og varaordførar vervet ved fleire høve. Då samlingslista vart oppretta i Hyllestad midt på 90 talet, var KrF eit av partia som gjekk inn på denne lista med sine kandidatar. Og fram til 2006 var lokallaget lite aktivt.
I 2006, føre valet i 2007, vart det igjen bestemt at lokallaget skulle stille eiga liste ved kommunevalet i Hyllestad. I den kommande perioden var partiet representert med to representantar og hadde i eit valteknisk samarbeid med Senterpartiet og Høgre, varaordførar vervet. Etter 2007 har partiet vore representert i Hyllestad kommunestyre kvar periode, og har i dag ein representant.
Jostein Ryland har vore lokallagsleiar sidan 2012. Dei er eit lite lokallagsparti, og har som regel eit par medlemsmøter i året, bortsett frå siste året som naturlegvis har vore rolegare. Men no kjem snart innkallinga til årsmøte, og dei håpar det vil verte litt meir aktivitet i år.
I tillegg til å ha medlemsmøter lokalt, har dei litt samarbeid med KrF sine lokallag i Gulen og Høyanger. Dei har og god kontakt med stortingsrepresentant Tore Storehaug som informerar dei om kva som skjer på Stortinget, og elles i KrF sin politikk sentralt. KrF Hyllestad samarbeidar og godt med dei andre partia i kommunen. Godt samarbeid og gode diskusjonar på tvers av partia er bra, og det er viktig å ha desse partia i kommunen. Blir ein for få vert det fort veldig einsretta, noko Hyllestad KrF ikkje ønskjer.
Når det er lokal- og fylkesval har Hyllestad KrF stand rundt om i kommunen. Medlemmane tykkjer det er viktig at KrF har ein plass i lokalsamfunnet. Dei ynskjer eit samfunn der du vert sett og respektert for den du er. Dei er ikkje sentralstyrt, men følgjer sjølvsagt linjene som er lagt ned sentralt. Det vert mange lokale tilpassingar då dei er opptekne av det som skjer lokalt og regionalt. Til dømes kjempa dei hardt for å få fleirbrukshall i kommunen. Dei har tru på at ein må satse for å kunne hauste.
Sjølv om dei berre har ein representant i kommunestyret er dei glad for at dei kan vere med å påverke korleis kommunen skal styrast. Men dei ønskjer seg fleire medlemmar og alle er velkomne til å melde seg inn. Dei slit med rekruttering og ser at mange vegrar seg for å melde seg inn fordi dei trur at det forpliktar til å måtte stå på liste. Men det treng du ikkje. Så lenge det er saker du støtter i partiprogrammet kan du melde deg inn utan å måtte vere særleg politisk engasjert.
Om du ønskjer å verte medlem kan du kontakte Jostein eller kommunestyrerepresentant, Ingunn Sognnes. Du kan og finne meir informasjon om lokallaget på nettsida og på facebook.