top of page
hyllestad.info logo.png

Hyllestad Røde Kors (HRK) har to aktive lokallag/avdelingar; omsorgstenesta og hjelpekorpset. 

 

Hyllestad Røde Kors Omsorg vart oppretta i 2017. 

Eksempel på aktivitetar i omsorgstenesta: besøksvenn, sosiale samlingar på Hyllestad Omsorgssenter med ymse program og aktivitetar, tur i nærområdet og utdeling av julegleder. 

Dei som er med må ha kurs i fyrstehjelp og psykologisk fyrstehjelp. Avdeling Omsorg har eit godt samarbeid med Hyllestad Omsorgssenter og med Hyllestad Kommune.

 

Hyllestad Røde Kors Hjelpekorps vart truleg stifta i 1979 etter ein leiteaksjon her i kommunen. Eksempel på aktivitetar i hjelpekorpset: søk etter sakna (i kommunen eller i nabokommunane), opplæring i grunnleggande HLR på førespurnad og sanitetsvakt og/eller parkeringsvakt på ulike arrangement. Til dømes Lihestklyvet, fotballturneringar på bana eller i Hyllestadhallen og Lysmarsjen for barneidretten.

Hjelpekorpset si grunnopplæring består av fyrstehjelpskurs, søk og redning, samband og kunnskap om Røde Kors. Du kan òg spesialisere deg innan fleire ulike innsatsområder.

 

Hyllestad Røde Kors har sidan om lag 2018 samarbeidd med Lavik hjelpekorps. På små plassar er det godt med gode naboar om det til dømes skulle oppstå ein leiteaksjon i nærområdet, eller om ein treng fleire frivillige til spesielle arrangement.


HRK er glade og takksame for alle som ynskjer å vere med i HRK. Dei som vil bruke litt av fritida si til å hjelpe andre medmenneske og gjere ein forskjell i lokalsamfunnet vårt. Sjølv om dei har medlemmar med lang fartstid og nye medlemmar, har dei stort behov for fleire.

Hyllestad Røde Kors (002).jpg

Spørsmål kan rettast til Jan Arvid Støyva (opr. leiar og leiar for hjelpekorpset), Arne Dale (leiar for omsorg), eller Karine Hatlem Rønneseth (skrivar og medlem av hjelpekorpset). 

Trykk her for å bli med som frivilleg

Trykk her for medlemskap

 

Hyllestad Røde Kors si facebookside er ei side for gamle og nye medlemmar, men det er òg ei side for dei som ønsker å fylgje med på deiras aktivitetar. 

  • Facebook
Kontaktperson_Hyllestad_Røde_Kors.png
bottom of page