hyllestad.info logo.png

Hyllestad Bondelag vart stifta i 1998, då Bøfjorden og Øen Bondelag slo seg saman. Etter kvart som tida gjekk valde Hyllestad Bondelag og Fjaler Bondelag 2012 å slå seg saman og bli til Fjaler og Hyllestad Bondelag (heretter FHB) frå 2012.

 

No har også fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane slått seg saman og blitt Vestland Bondelag. Både lokallaga og fylkeslaga ligg under Norges Bondelag, som er Norges leiande organisasjon for næringspolitikk og service i landbruket med over 62000 medlemer. Norges Bondelag mottek ikkje statsstøtte, og er økonomisk og politisk uavhengig.

 

FHB har i dag 141 medlemmar, og eit styre som består av 5 medlemer. Hovudoppgåva til FHB er å jobbe for å betre rammevilkåra til bonden og få synleggjort viktigheita av norsk landbruk, samt å auke den berekraftige matproduksjonen og sjølvforsyninga basert på norske ressursar.

 

I kommunen er FHB aktive med høyringsinnspel på kommunale saker, har god kontakt med politikarar og ordførar, og jobbar for å fremje landbruket og medlemene sine interesser. Innspel frå medlemene blir løfta med vidare i organisasjonen. I tillegg er dei aktive med innspel inn mot jordbruksforhandlingane. Norges Bondelag forhandlar kvart år med Staten om bonden sine inntektsmoglegheiter og her kjem lokallaga med sine innspel.

 

FHB jobbar òg med å få auka merksemd til landbruket blant innbyggjarane i området. Dei har årleg stand på Kvernsteinsmarknaden, og har i tillegg hatt stand på ferjekaia i Lavik. Dei invitera til open gard og  jobbar no med å få til skulebesøk ut til gardane. Det er viktig at barnehagar og skular får moglegheit til å sjå kor maten og mjølka kjem frå.

 

FHB har minimum eit medlemsmøte i året. Om det er nokon av medlemmane som har noko dei ynskjer å formidle, vert det sett opp møter til det. Elles har dei årsmøte og nokre styremøte. I desse dagar går det meste over telefon og e-post. Alle lokallaga i fylket vert dessutan representert på fylkesårsmøte, og andre arrangement/møte i regi av fylkeslaget. Dette er kjekke og lærerike samlingar der ein får fagleg påfyll og kan diskutere viktige saker for lokallaga.

FHB har tidlegare hatt medlemmar som har sete i styret både i fylkeslaget og i styret i Norges Bondelag. På denne måten får ein stor gjennomslagskraft og moglegheit til å påverke saker og forhandlingar opp mot staten. Betre inntektsmoglegheiter og forutsigbarheit for framtidige investeringar er ein føresetnad for auka matproduksjon og rekruttering. Det er avgjerande for at bonden kan ta framtidsretta val med omsyn til mattryggleik, klima, god agronomi, dyrevelferd og trygg mat.

 

FHB treng fleire engasjerte medlemmar og støttemedlemmar. Om du har eit hjarte for norsk landbruk og matproduksjon, kan eit medlemskap hjå Norges Bondelag bidra til å oppretthalde dette i framtida. Bondelaget er for alle, bønder og andre som er opptekne av norsk mat og jordbruk.

 

For å bli medlem kan du kontakte leiar av FHB, Camilla Avedal Ulvik, eller gå inn på Norges Bondelag si heimeside.

Kontakt:

Leiar: Camilla Avedal Ulvik

Tlf: 984 02 848

www.bondelaget.no/vestland/

  • Facebook