Hyllestad Grendalag er deleigar i Fleirbrukshuset på Hyllestad saman med Hyllestad Røde Kors og Hyllestad Idrettslag. Fleirbrukshuset har forsamlingsrom, kjøkken med kioskluke, sekretæriat og lager for Røde Kors. I tillegg er det Hyllestad Idrettslag sitt klubbhus og utstyrslager.
Huset kan leigast til ulike arrangement og er mykje brukt til barnebursdagar og konfirmasjonar. Om du ynskjer å leige fleirbrukshuset, ta kontakt med Marion Eimind.
Grendalaget har årvisse arrangement som dei anten arrangerar åleine eller samarbeidar med andre lag og organisasjonar om. Til dømes jonsokfeiring i Kvernsteinsparken. I samarbeid med parken vert det på dugnad laga bål, og parken stiller storehuset til disposisjon for grilling og kos. Dette er eit veldig populært arrangement for folk i alle aldrar då parken fungerar særs godt som leikeplass for dei minste og ein sosial møteplass for ungdom og vaksne.
Det var i mange år tradisjon med bål på Myklebustneset, men vær og vind gjorde det vanskeleg å gjennomføre brenning på ein trygg måte så ein bestemte seg då for å flytte alt opp i parken. I tillegg til dette er det grendalaget som har ansvar for tenning av julegrana i Hyllestad. Her stiller Skulemusikken opp og spelar jula inn medan dei frammøtte får servert gløgg og peparkaker.
Grendalaget samarbeidar og med Kvernsteinslauget og parken under Kvernsteinsmarknaden kvart år. Dei to siste åra har det vorte arrangert pubkveld i parken same kveld som marknaden, her er grendalaget medarrangør.

Elles gjer grendalaget ein del dugnadsarbeid i form av kratt- og skogrydding + at ein arrangerar Halloweenparty for dei minste.
Tanken bak arbeidet som grendalaget gjer er at ein gjennom aktivitet og sosiale aktivitetar styrkjer samhald og inkludering i Hyllestad.
«Saman får vi kjekke ting til å skje»

Kontakt:
Leiar Rune Thorsnes
Tlf: 952 00 568.
E-post: rthorsnes@hotmail.com
For leige av fleirbrukshuset kontakt:
Marion Eimind
Tlf. 952 32 262
Epost: mario-e@online.no