hyllestad.info logo.png

Hyllestad pensjonistlag feira i 2018, 40års jubileum. Laget vart skipa i april 1978 som Bø Sokn Pensjonistforening, men etter at fleire av pensjonistlaga i grendene i kommunen vart lagde ned vart det bestemt at ein skulle samle alle til eitt lag.

 

Hyllestad pensjonistlag har i dag om lag 100 medlemmar frå heile kommunen. Dei har faste møter 2 gonger kvar månad, eitt styremøte og eitt medlemsmøte. Alle møta er lagt til Hotel Sognefjord.

På medlemsmøta står «den gode praten i fokus», det er viktig å ha god tid til summing rundt borda. I tillegg har dei faste innslag som «ord for dagen», åresal, ulike kulturinnslag og mykje allsong. I augustmøtet hadde dei til dømes besøk av Kyrre Eikås Ottersen frå Sogn og Fjordane Teater som framførte «Vinje, vår mann» i ord og tonar.

I møta informerar leiar om saker som er relevante for gruppa frå sentrale- og lokale hald. Om medlemmane har saker dei er opptekne av, kan dei spelast inn for styret i laget som i sin tur tek det vidare til mellom anna eldrerådet. Pensjonistlaget samarbeidar gjerne med andre organisasjonar, og har tidlegare hatt samarbeid med til dømes besøkstenesta til Hyllestad Røde Kors og Hyllestad Sogelag.

Ein gong i året, vanlegvis i samband med siste medlemsmøte for sommarferien, er pensjonistlaget på besøk hjå Hyllestad Omsorgssenter. Dette er eit tiltak bebuarane på omsorgssenteret set stor pris på då Pensjonistlaget syter for program for dagen og har med seg mat, kaker og kaffi. Laget har og ein årleg dagstur der dei besøker stadar dei tykkjer er spennande. Sist tur dei var på, var det 37 medlemmar med til Fiskarbondemuseet på Byrknes i Gulen. På det siste møtet før jul, brukar dei ha julebord med tradisjonell julemat og god drikke.

Hovudmålet til Hyllestad Pensjonistlag er å samle eldre for hyggelege stunder, og alle gler seg veldig til desse møta. Den gode maten dei får servert på hotellet, praten og underhaldninga gjer til at desse stundene vert særs gode. Som dei seier «Gled deg over dagen, og gled kvarandre» ! Om du har lyst til å kontakte pensjonistlaget, eller melde deg inn, finn du kontaktinfo her:

Leiar: Torunn Haukøy

Tlf: 975 88 556

Epost: torunn.haukoy@icloud.com

www.pensjonistforbundet.no

  • Facebook