top of page
hyllestad.info logo.png

Hyllestad skyttarlag vart skipa i 1903 under namnet Ulvik skyttarlag. Då dataalderen gjorde sitt inntog på mellom anna resultathandsaming, vart dei ofte forveksla med Ulvik skyttarlag i Hardanger. Dette skapte irritasjon begge stadar, og frå 1999 vart namnet endra til Hyllestad skyttarlag.

Namnet Ulvik skyttarlag kom av at laget hadde si fyrste skytebane på garden Ulvik. Hyllestad skyttarlag har permanent standplass og skivegraver i Ønadalen og det har gjennom tidene vorte lagt ned mykje dugnadsarbeid på anlegget. I 2003 kunne dei feire 100-års jubileet på ei bane som hadde fått 5 elektroniske skotskiver på 100-meter og nybygd 200-meter med 8 elektroniske skiver.

Hyllestad skyttarlag høyrer til DFS (Det Frivillige Skyttervesen) og tilbyr innandørs og utandørs geværskytetrening frå alderen 10 år og oppover. Dei har i dag ca. 100 medlemmar der eldste er over 80 år, så her er alder inga hindring. Samfunnsoppdraget til DFS er å «gi våpenopplæring til det norske folk»  I det ligg det at alle som ynskjer det skal ha muligheita til å få opplæring i trygg oppbevaring og bruk av våpen og ammunisjon. 

Del 2 av samfunnsoppdraget til skyttarlaget er å lære opp jegerane, og då i hovudsak storviltjegerane, til å verte så gode skyttarar at dei kan gå lovleg på jakt. Ein får god opplæring og kan få låne alt av utstyr. Kvar onsdag frå kl.18 er det fast trening med instruktør.

Hyllestad Skyttarlag kan og tilby gratis skytetreningsskule for ungdom, ein må då ha minst 5 elevar for å få støtte frå DFS. Som alle andre lag- og organisasjonar krev det ein god del dugnadsarbeid for å kunne gje innbyggjarane dette tilbodet. Av arbeid kan ein nemne vedlikehald av utstyr, ansvar for publisering på nett, sponsorarbeid, sørge for at all nødvendig sikkerheit alltid er på plass, årsmøter, styremøter og arbeid for å kunne halde kretsmeisterskap på bana.

Skyting er god konsentrasjonstrening og for personar med konsentrasjonsvanskar kan skytetrening gje ein utruleg god meistringsfølelse. Skyttarlaget vil stadig ha fleire medlemmer og då spesielt yngre som kanskje har lyst å prøve noko anna enn ballspel.

Hyllestad Skyttarlag.jpg

Alle er velkomne til å komme på bana og sjå kva skyttarlaget gjer. Her får ein og låne alt av nødvendig utstyr og vil få god opplæring. Sikkerheit er første prioritering når det kjem til skytetrening. Ynskjer du meir informasjon eller vil melde deg inn kan du kontakte leiar direkte eller på Hyllestad skyttarlag si heimeside. Du kan og fylgje dei på facebook for å få med deg siste nytt.

324367_2670307191880_56740354_o_edited_e
  • Facebook
bottom of page