top of page
hyllestad.info logo.png

Hyllestad Sogelag ynskjer å skape forståing og kjennskap til den lokale kulturarva. Sogelaget arbeidar med å samle inn og bevare lokale kulturminner samt fremje lokalhistorisk arbeid og gransking.

Sogelaget er ein lokalhistorisk ressurs som kan nyttast av kommunen i prosjekt som registrering og vern av kulturminne (kulturminneplan), historisk fotomateriale, stadnamn og liknande.

Dei har i dag kring 70 betalande medlemmar som har engasjement og interesse for å ta vare på og auke kunnskapen om dei lokalhistoriske røtene til Hyllestad. "Sogeskrift frå Hyllestad" er laget si hovudoppgåve, men Sogelaget tilbyr og andre aktivitetar, slik som til dømes kulturvandringar i samarbeid med Folkeakademiet og Kvernsteinsparken.

Alle er velkomne til å verte medlem i Hyllestad Sogelag.

For å melde seg inn kan ein kontakte personar i styret,

sende e-post eller besøke Sogelaget si heimeside.

hyllestad-sogelag.no

IMG_2196_edited.png

Leiar: Leif Akse

E-post: leifakse@gmail.com

Kulturvandring i Smilla 2017.jpg

< Framsida av

"Sogeskrift frå Hyllestad" 2019

Sogeskrift frå Hyllestad_2019.jpg

Kulturvandring til ruinane etter

Kalkbrenneriet i Smilla. Torbjørn Løland demonstrerer lesking av kalk.

Foto: Per Storemyr

bottom of page