hyllestad.info logo.png

Kontakt:

Leiar: Karin Tonning Hatløy

Tlf: 909 85 389

E-post: karintonninghatloy@hotmail.no

 

senterpartiet.no/hyllestad

  • Facebook
logo HSP.png

Senterpartiet i Noreg vart skipa i 1920. Våren 1921 vart Hyllestad Senterparti (heretter HSP) etablert. Det vil sei at lokallaget i Hyllestad har 100-års jubileum i år og dei håpar det vil bli mogelegheit for ei stor markering og feiring av dette. Første leiar av HSP var Bendik Handal. Hyllestad har berre hatt ein kvinneleg ordførar, Astrid Waage, og dei er svært stolt av at ho er frå HSP. HSP har også hatt stortingsrepresentant med Håkon Steinar Giil. I inneverande periode har HSP sju representantar i kommunestyret.

 

HSP har stand i kommunen tre gonger i året. Dette gjer dei uansett om det er valgår eller ikkje. For dei er det viktig å snakke med folk, få innspel og høyre kva som er viktig for dei. Det folk spelar inn av saker dei er opptekne av, tek HSP med seg vidare i sine kanalar. HSP har sterkt fokus på å vere synleg og aktive både politisk og i organisasjonen. Elles har HSP faste medlemssamlingar to gonger i året. Dei har også medlemsmøte når det er viktige kommunesaker. Dei er opptatt av å jobbe for lokale saker og likeverdige tenester nær deg.

 

HSP er veldig aktive på facebook. Der prøver dei å få ut saker og informasjon til alle som er nysgjerrige på kva dei gjer og jobbar med. Dei har i tillegg ei eiga gruppe for medlemmane sine, der dei får direkte informasjon om kva som skjer innad i organisasjonen og andre viktige saker. Her kan alle komme med sine innspel. Det er dessutan ein fin kanal for leiaren å ha kontakt med medlemmene på. Lokallaget held akitvitetar for medlemmane sine slik at dei kan verte betre kjende med kvarandre, og desse treng ikkje berre handle om politikk. Når dei har sine vanlege medlemsmøter er dei på kommunehuset, men på medlemssamlingane varierer det kor dei møtast. På medlemssamlingane arrangerer dei alltid ein sosial aktivitet for det er viktig å møtast på litt andre premissar. HSP er også aktive med dei andre lokallaga i Sogn og Fjordane Senterparti.

 

For leiar, Karin Tonning Hatløy, er det viktig å ha ein open dialog med medlemmane, og at det skal vere enkelt å ta kontakt med ho. Karin vart valt til leiar i 2019 og hadde gleda seg til å vere ute på stand og møte folk i 2020. På grunn av korona vart det dessverre ikkje slik. Då blei det viktig å vere synleg i andre kanalar, til dømes Facebook og som postkassebrev. Karin håpar 2021 vil gje dei moglegheit til å treffe folk att for ein hyggeleg prat. 

HSP vil ha opne møter med innbyggjarane og dagar der dei besøker bedrifter eller organisasjonar - slik som dei har gjort det før korona kom. Av og til får dei også besøk frå SP sentralt eller regionalt. Karin håper dei skal få dette til no til våren. Ho seier at som lokallagsleiar, er det veldig kjekt å treffe innbyggjarane i Hyllestad og prate om ting som opptar dei. I  tillegg synest Karin det er viktig å bli kjent med og gjere aktivitetar med medlemmane. Ho er utruleg stolt over medlemsveksten dei har hatt i 2020. HSP har medlemmar frå heile kommunen med god fordeling både på yrke, kjønn og alder.

Om du ønskjer å bli medlem av HSP kan du gå inn på heimesida til Senterpartiet, eller du kan sende ein SMS med SP til 2360. Du kan også ta kontakt direkte med Karin, så hjelper ho deg.

 

Det går an å berre vere støttemedlem, om du ønskjer det. Du treng ikkje å stå på liste eller engasjere deg politisk, du kan kun vere medlem.