hyllestad.info logo.png

Idar

"Om ein har interesse for sjø og fjell,

so er Hyllestad midt i blinken"

Idar Førde Blom (29 år) kjem opprinneleg frå Øygarden, utanfor Bergen. Etter at han var ferdig med sin bachelor i energi byrja han å søkje på jobbar. Deriblant var stillinga som ingeniør ved plan og utvikling i Hyllestad kommune veldig interessant. Han vart innkalla til intervju, fekk tilbod om jobben, takka ja og byrja i stillinga i 2015.

 

Idar kom rett frå skulebenken og hadde aldri før vore i Hyllestad. Mor til Idar kjem frå Bremanger og han har feriert der mykje opp igjennom åra, så regionen var ikkje so framand for han. I tillegg var han open for nye moglegheiter og tenkte det kunne vere ei fin erfaring med eit lite sceneskifte. Idar såg føre seg at jobben i Hyllestad kunne vere ein grei inngangsportal for vidare arbeid andre stader. Han trivast godt i jobben som han tykkjer er både variert og spanande, har kjekke kollegaer og ingen planar om å slutte med det fyste.

 

Då han fekk tilbod om jobben fekk han samstundes hjelp frå kommunen til å få seg bustad. Han fekk tilbod om eit hus på nedre Heggebøen og har vorte verande der. Idar har funne seg vel til rette i Leirvik og er medlem av både Leirvik Grendalag og Ytre Sogn Turlag. Sistnevnte engasjerar han seg veldig i, og sit mellom anna i styret. Friluft er nemleg ein stor lidenskap og interesse for Idar.

 

Han seier at «om ein har interesse for sjø og fjell, so er Hyllestad midt i blinken». For Idar vert det fleire fjellturar i veka og han har forlengst utforska alle fjella i kommunen. Fjellet han har besøkt oftast er Sauesnyken, men det er mest fordi det ligg nærast huset. Favorittfjellet er Sogneskollen, som han tykkjer har ei fantastisk utsikt.

For Idar har ikkje overgangen frå Øygarden til Hyllestad vore særleg dramatisk. Han er glad han slepp å sitte i kø til og frå jobb og han seier at mange kanskje tenkjer at avstandane er så store i Hyllestad. Men til dømes tek det berre ein time med bil til Førde, der ein har «alt» ein treng. Hadde han budd i Øygarden måtte han og ha køyrt ein time for å kome seg til Bergen og då med irriterande kø i tillegg. Men det Idar sakna då han kom til Hyllestad var ein felles møteplass, eit sentrum der folk samlast. For Idar var det avgjerande å ta del i frivillege organisasjonar for å verte kjend med folk i kommunen. Både i grendalaget og i turlaget jobbar han aktivt med å skape møteplassar for innbyggjarar slik at ein  lettare kan verte inkludert.

Idar tykkjer det er viktig at innbyggjarane i kommunen ser på Hyllestad som eit heilt samfunn og ikkje kvar si grend. For å stå sterkt saman er det naudsynt å styrke felleskapet. Han meinar sentralisering innad i kommunen er avgjerande for å få dette til.

 

Noko som har vore eit stort løft for Idar og Hyllestad kommune har vore Hyllestadhallen. Den har klart å skape litt av det Idar påpeikar som ein felles møteplass. Idar har nytta seg flittig av treningsstudioet og har vore med på nokre felles treningar saman med kollegaer frå kommunen. 

Hyllestadhallen bidreg til meir inkludering i samfunnet, noko som Idar set stor pris på!