Ole-Ivar er oppvaksen på Sognnes og visste tidleg at det var gardsdrift han ville drive med når han vart stor. Dermed var jordbruksskulen eit sikkert val.
I 2008 starta han opp Åm Sognnes Bygdeservice. Her tok han på seg oppdrag innan det meste som har med hage, veg og landbruk. I 2012 overtok han også drifta på begge familiegardane; i Sognnes og Indrefjord. Saman med kona, Ina, har dei endra foretaksnamn til Indrefjord Gard. Det vert også i fortsettelsen utført bygdeserviceoppdrag.
Med gardsdrift og bygdeservice har dei til saman 5 årsverk. Garden er nøkkelen til alt dei driv med. På garden finn du i dag ca. 25 mjølkekyr, 75 storfe totalt og 5 hestar. Dei har 210 000 i mjølkekvote og leverar 10 tonn med storfeslakt. Om lag halvparten av årsverka er knytta til oppdrag utenom garden.
Dei tek på seg mange typar oppdrag innanfor park, hage og anleggsarbeider. Som eksempel kan det nevnes legging av beleggningsstein, gråsteinsmuring og vegvedlikehald. I tillegg vert det ein del oppdrag innanfor landbruket med gjødselhandtering og dreneringsarbeid.
Hestane er ein hobby og interesse dei begge innehar, men dei brukast også til å effektivisere drifta på garden når det er rasjonelt. Arbeidet med tilsyn, flytting og handtering av storfe på beite har vorte enlare etter at hestane vart tatt i bruk. Hestane vert også nytta til transport av materiell til oppsetting og vedlikehald av gjerder, samt lunning av ved. I tillegg har dei eit samarbeid med Kvernsteinssenteret som leiger dei inn til ulike arrangement der det er tilbod om riding.
Dei driv også med grovfôrproduksjon på eige og disponibelt areal. Alt du ser frå Havyard og til butikken i Leirvik er det dei som slår. Med dagleg dyrestell, gardsdrift og diverse serviceoppdrag kan ein forstå at Ina og Ole-Ivar jobbar meir enn folk flest.
Før hadde dei vanleg båsfjøs der dei mjølka to gangar for dag og var relativt låst på tid. Desse tidene var typisk midt i barnehagelevering og legging av barna. Dette vart veldig tungvint for familien. Samstundes kom det eit regelverk som sa at på sikt må alle bønder gå over til lausdrift.
Då vart det eit val for familien; skulle dei avvikle, flytte eller bygge? Dei valte sistnemnte og vart med det første lausdriftsfjøs i Hyllestad med mjølkerobot. Det frigjer dei ikkje for arbeid, men dei er ikkje like låst på tid, noko som er bra for ein småbarnsfamilie. Når ein jobbar med dyr kan ein ikkje stenge «butikken» for å ta seg fri. For Ina og Ole-Ivar er dette ein livsstil.
Indrefjord Gard nyttar KSL-Kvalitetssystem i Landbruket, er godkjent Inn på tunet Gard og Godkjent Hesteverksemd av Stiftelsen Norsk Mat. Dei er førebels i ein utviklingsfase og har mange idear om kva dei ynskjer å oppnå.
Dei har allereie gjort meir enn mange gjer over 20 år, men ting må komme som ei naturleg utvikling.









