hyllestad.info logo.png

Inga

Inga Sørebø (f. 1943) kjem frå Rosendal i Kvinnherad kommune.

Ho flytta til Bergen for å gå på gymnaset, og i klassen gjekk «Sørbøvågingen» Johannes Sørebø. Her oppstod det søt musikk og Inga og Johannes vart kjærestar.

 

Etter gymnaset arbeidde Inga eitt år som studentlærar i Masfjorden, etter det reiste ho til Stord og gjekk 2-årig lærarskule der. Ho tok eksamen i 1966 og på sommaren same år gifta ho og Johannes seg. Dei flytta til Ulveset på Sotra der Inga hadde fått seg jobb, og budde der i 2 år. Her vart fyrste bornet deira fødd. 

 

Etterkvart flytta dei inn til byen der Johannes studerte på Universitet, og Inga hadde fått seg jobb på Nordnes skule. På denne skulen hadde dei eit senter for barn med hjerneskade. Inga var veldig interessert i den type problematikk og ho fekk lov til å jobbe med 30 elevar som hadde ulike typar av handikap. Samstundes måtte Inga ta spesialpedagogikk. Ho byrja på utdanninga som hadde to sommarsamlingar og ein avsluttande eksamen.

 

Inga og Johannes trivdes veldig godt i Bergen. Men med to små born i alderen 2-4 år, utan barnehageplass eller dagmamma, måtte Inga og Johannes vere heime med dei på skift. Dei budde midt i Bergen sentrum og kunne ikkje la barna springe fritt rundt.

Inga og Johannes hadde begge vokse opp på landet og dei hadde ofte dårleg samvit for borna som bokstaveleg talt måtte haldast i band når dei var ute.

 

Ein dag såg Inga at det var lyst ut ei stilling i Hyllestad der dei søkte spesialpedagog. Denne jobben ville Inga søke på. Skulesjefen i Hyllestad ringde ho og spurte om ho meinte alvor. Og det gjorde ho. 

 

Gamlehuset på familiegarden til Johannes stod tomt så dei kunne flytte rett inn. Inga fekk jobben og dei bestemde seg for å flytte heim for ein prøveperiode. Året var 1971.

Huset var gammalt og tungvint, men uteområdet var eineståande. Der vart det etter kvart både sandkasse, disse, leikestove, kvernkall i bekken på tunet og fotballbane på myra. Og i hagen var det fullt med bærbusker og frukttre. I tillegg hadde dei ei god og trygg dagmamma og Inga var veldig glad dei hadde bestemt seg for å bli verande i Hyllestad.

 

Men Inga måtte fullføre utdanninga i spesialpedagogikk, og om sommaren var ho vekependlar til Bergen. Det var tøffe tider, både for ho og for mannen. Men ho fekk gjennomført og besto eksamen. I Hyllestad måtte ho veksle mellom å jobbe på Øen skule og Skifjorden skule. Som spesiallærar hadde ho ansvar for sterkt handikappa elever. Ho hadde heldigvis jobba ein del med det i tida på Nordnes og kjende problematikken. Men det var mange utfordringar på gamle Øen skule då klasserommet låg i andre etasje og ho hadde elevar som sat i rullestol og hadde CP (cerebral parese).

 

For Inga var det viktig at elevane med handikap skulle behandlast likt som dei andre elevane, så når det var friminutt skulle dei og få lov til å ta del i det. Ho minnast godt eleven med CP. Kvart friminutt tok ho brannmannsløft og bar eleven ned trappane. Den dag i dag veit ho nøyaktig kor mange trappetrinn det var opp til andre etasje på Øen skule; 27. Ho talde dei mange gonger medan ho sleit seg opp og ned. 

 

I 1973 fekk Inga og Johannes sitt tredje born. No hadde dei bestemt seg for å verte verande i Hyllestad, men dei måtte gjere noko med huset. Svogeren til Inga råda dei til ikkje å renovere huset. Han var arkitekt og såg at det ville verte mykje arbeid. Dei bestemde seg difor å bygge eit heilt nytt hus etter eigne ynskjer og i 1977 stod huset ferdig og dei kunne flytte inn.

Inga vart etterkvart tilsett som spesiallærar i kommunen. Hyllestad var på den tid ein av svært få kommunar i Sogn som hadde dette tilbodet. Ho reiste rundt på skulane i kommunen og hjelpte  elevar med tilrettelegging. Jobben som spesiallærar hadde ho heilt fram til ho pensjonerte seg i ein alder av 70.

Då det vart oppretta pedagogisk/psykologisk tenestekontor (PPT) for Hyllestad og nabokommunane fekk Inga tilsetting der. Ein viss prosent i PPT og resten av jobben som lærar, ansvarsområde Hyllestad. Men då trongst det meir utdanning. 2.avd. spes. ped. vart krevd, så då var det på`an igjen med pendling.

På Sandane vart det oppretta desentralisert tilbod som gjekk over 2 år med studier 1 veke pr. månad, sommarsamling, eigenstudiar og eksamen til slutt. Studietur til Leningrad og Moskva var inkludert, og i 1986 var 2.avd. spes.ped. i boks. I periodar var det 3 familiemedlemmar på hybel på Sandane då dei to eldste borna til Inga og Johannes var elevar ved Firda gymnas. 

 

Inga fekk eit godt forhold til alle borna ho jobba med. Mange vart sint når dei måtte ha tilrettelegging, men då brukte Inga å sei at mange idrettsfolk og måtte ha spesialtrening for å få til det dei ynskte. Det var viktig for Inga at borna forstod dette. Og om ho fekk kjeft så såg ho på det som ei tillitserklæring og at elevane var trygge på ho. Ho har mange gode minner frå den tida.

 

Johannes døde, berre var 56 år gammal. Ingen av borna budde heime lenger og Inga sat att heilt åleine. Ho hadde på den tida overteke barndomsheimen i Hardanger og lurte på om ho skulle flytte tilbake dit. Men jobben til Inga betydde mykje for ho. Ho treivst utruleg godt og hadde kjekke kollegaer. Dette var avgjerande i valet om å verte verande i Hyllestad, eit val ho aldri har angra på.

 

Så lenge Inga var i arbeid har hobby og fritidsaktivitetar vore begrensa til kurs hjå Folkeakademiet. Ho elskar handarbeid og har vore med på mange forskjellige kurs innan det på kveldstid.

Det var ein fin måte å få kome seg litt ut og gjere noko anna enn berre jobb.

Men etter at ho pensjonerte seg sa ho til seg sjølv at no skulle ho gjere alt ho tidlegare hadde hatt lyst til. Elles har Inga alltid vore ein lesehest. Ho besøker biblioteket på Hyllestad hyppig og tykkjer dei tilsette der er utruleg flinke.

 

Før korona kom var ho veldig aktiv i Gamaldans, Seniordans, Pensjonistlaget og Handikaplaget. Å verte med i desse laga har vore ei beriking for Inga. Det er utruleg sosialt og ho har fått mange nye vener. Ho saknar verkeleg desse sosiale samankomstane, det var lyset i kvardagen. Ho har heldigvis gode naboar som ho besøker i ny og ne, og som ho får besøk av. Det vert og mange telefonsamtalar med vener og familie no i desse koronatider.

 

Når Inga får anledning reiser ho til Askøy, der to av døtrene bur. Her har ho fem barnebarn og eitt oldebarn som ho tykkjer det er veldig kjekt å få vere saman med. Sonen til Inga bur for tida på Sørøya der han jobbar som lærar.

 

Sjølv om det har vorte noko einsamt no når alle av fritidsaktivitetane til Inga er avlyst, så har ho ikkje evna til å kjede seg.

"Det er alltid noko å ta seg til heime"

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo