hyllestad.info logo.png

Janne Elin & Simen

På Rønset i Hyllestad treff vi Janne Elin Larsen (f. 1992) og Simen Solheim (f. 1994). Begge er oppvaksne i Hyllestad, Janne Elin på Rønset og Simen i Handalen. 

 

Dei spelte i korps i lag som born og har alltid vist kven kvarandre var, men hadde ikkje same omgangskrets. Janne Elin flytta heimefrå då ho skulle byrje på vidaregåande skule, og etter endt utdannning har ho mellom anna jobba på heim for psykisk utviklingshemma på Sandane og på sjukeheimen i Naustdal. Siste staden ho jobba før ho vende nasa mot Hyllestad var på sjukehuset i Førde.

 

Etter grunnskulen flytta Simen til Dale for å gå på vidaregåande. Etter det gjekk turen til Sogndal der han utdanna seg til røyrleggar. Etter at han var ferdig med utdanninga fekk han seg jobb hjå Skår VVS, og valde etter kvart å flytte heim til Hyllestad, og pendlar no til jobb i Dale.

 

For snart to år sidan valde Janne Elin og sonen Leo (f. 2017) å flytte heim for å overta barndomsheimen på Rønset. På same tid lyste kommunen ut ei 100% stilling som heimesjukepleiar på Eiklund som Janne Elin søkte på, og fekk. Det kunne ikkje klaffa betre!

 

Simen hadde allereie på ungdomsskulen hatt eit godt auge til Janne Elin. Og når han fekk vete at ho skulle flytte heim, byrja han å manne seg opp for å ta kontakt. Ein dag då Janne Elin skulle levere Leo i barnehagen traff ho på Simen, som leverte sine barn; Viktoria (f. 2015) og Linnea (f. 2017). Dei hadde ikkje hatt kontakt med kvarandre sidan dei spelte i korps saman og hadde dermed mykje å ta att. Dette vart starten på forholdet deira. Førebels bur dei kvar for seg, men på sikt planlegg dei å flytte saman i huset til Janne Elin. 

Begge er einige i at Hyllestad er ein flott plass å vekse opp. Som 16-åring var Janne Elin fast bestemt på å flytte frå Hyllestad, og hadde heller ingen planar om å flytte heim. Men då ho vart vaksen og sjølv fekk born, såg ho plutseleg Hyllestad med nye auge. Det er ein fridom her som er heilt fantastisk. Det kjennest trygt her, det er eit rolegare tempo og det er fint å ha familien nær. 

 

Janne Elin og Simen er særs nøgde med barnehagen i Hyllestad. Dei opplever at dei tilsette har meir tid til kvart enkelt born, og at borna trivast godt. Dei tykkjer og at det er fint at borna vert godt kjende med dei andre dei etterkvart skal gå i klasse med. Overgangen frå barnehage til skule vert mykje tryggare på den måten. 

 

Når dei ser tilbake på korleis det var i Hyllestad då dei sjølv var born, så er det ikkje så mykje som har endra seg. Men det som har endra seg, er at det har komme mange fleire aktivitetstilbod både for unge og eldre. Barneidretten er heilt fantastisk og dei håpar at «open hall» kan komme i gang att når koronarestriksjonane lettar.

 

Dei har alt dei treng her. Det er ikkje langt å køyre verken til Dale, Førde eller Åsane om ein skulle trenge noko som ikkje finnast her. Hotel Sognefjord i Leirvik er bra, det einaste dei saknar er ein kafè eller noko liknande som er ope på søndagar. Søndag er den dagen dei har tid til å gå på kafè og slike ting.

 

Elles går mesteparten av tida til jobbing, og aktivitetar med borna på fritida. No når det er blitt varmare og lysare ute skal dei ta til att med fjellturar med overnatting i telt, som dei gjorde i fjor sommar. Det var utruleg kjekt både for store og for små.