Jeanette og Åge .jpeg
hyllestad.info logo.png

Jeanette & Åge

Åge Høstaker (f.1968) og Jeanette Løseth (f. 1978) bur i Skor saman med sine tre born Emilie, Natalie og Sofie. 

 

Det var bestefaren til Åge som i si tid kjøpte garden i Skor, og flytta frå Hauståker i Sogn. I 1995 overtok Åge garden. Han har tre eldre søstre som alle hadde flytta heimefrå, og følte difor at han måtte overta garden. Nokon måtte jo gjere det, tykte han. 

 

Før han, var det faren som styrte på garden med melkekyr, sauer og geiter. Men det var ikkje lønsamt å drive gard den gong heller, så faren jobba fulltid på Havyard ved sidan av. Han var alltid ute og gjorde på, eller jobba med, noko. Dette merka dei godt då far til Åge døydde i 2005.

 

Åge jobba fulltid som elektrikar og sjølv om mora hjelpte til med mykje, innsåg dei at det ikkje var liv laga med vidare gardsdrift. Det vart altfor mykje arbeid med små born, fulltidsjobb og gardsdrift. Dei følte at dei aldri hadde fri, så då tok dei den vanskelege avgjersla om å avvikle garden. 

 

Men sjølv om gardsdrifta vart avvikla har det alltid vore viktig for Åge å halde garden ved like. Han tykkjer det er trist å sjå kor mykje som har grodd att, rundt om i Skor og resten av Hyllestad, sidan han var liten unge. Mykje har endra seg sidan den gong, og det tykkjer han er vemodig å tenke på. 

 

Jeanette og Åge har vore saman heilt sidan 1997. Jeanette kjem frå Dale og gjekk alle sine skuleår der. Då ho var ferdig med vidaregåande tok ho seg eit arbeidsår på Esso i Dale for å finne ut kva ho ville bli. Året etter søkte ho seg inn på sjukepleien i Førde. 

 

I år 2000 flytta dei inn i nye huset i Skor. Åge var allereie godt i gang med bygginga då han vart saman med Jeanette. Men då han gjorde mesteparten av jobben sjølv, tok det litt tid før huset stod ferdig. Med god hjelp frå far sin som var snikkar og ein god nabo vart dei ferdige til slutt. Men Åge trur ikkje han ville gjort ein slik jobb igjen. På den tida var det stor byggeaktivitet i Skor og det var mange som flytta heim. Det var eit godt samhald i bygda med dugnader og mykje besøk. 

 

I 2001 var Jeanette ferdig utdanna og byrja å jobbe i Fjaler kommune som sjukepleiar. I 2007 fekk ho jobb på Hauglandsenteret og der har ho vore sidan. Åge har heilt sidan han var ferdig utdanna som elektrikar jobba i Rysjedal Elektro, det som i dag heiter Hafs Elektro og Rør.

 

Eldste dottera Emilie går studiespesialisering i Dale, medan Natalie og Sofie går på Hyllestad skule. Dei tykkjer det er bra å vekse opp i Hyllestad og trivast godt. Det er bra med fritidstilbod og etter at hallen kom, har det berre vorte endå betre. Ein kan gjere alt mogleg innan idrett, musikk, dans og teikning. 

 

Kvernsteinsparken er og veldig god å ha. Den er unik for Hyllestad og har vore mykje brukt av både liten og stor. Den er verkeleg ein beriking for alle borna som går på skulen. Yngstedottera, Sofie, vart faktisk døypt i Langehuset i parken. Det vart ein veldig fin og spesiell dag.

 

Emilie var med på skodespelet «Heilage Ingebjørg frå Hyllestad» som vart sett opp i parken av lærarar og elevar på Hyllestad skule. Stykket er skreve av Norvald Tveit og Jeanette får framleis  gåsehud berre av å snakke om det. Det som skjedde der var heilt magisk og utruleg bra, med super innsats frå elevar og lærarar samt ein kjempefin lys- og lydproduksjon.

 

Emilie, Natalie og Sofie seier dei ikkje saknar noko i Hyllestad. Dei har alt dei treng, og når ein først reiser vekk til ein storby, som til dømes Bergen, så set ein mykje meir pris på det. Ein gjer det til ein ferie og noko å sjå fram til. 

 

Det fine med å bu i Skor er at det heller ikkje er så langt å køyre til Dale. Men det er klart dei merker at dei bur litt lite sentralt når alt av aktiviteter er på Hyllestad. Det har vorte mykje køyring for Åge og Jeanette opp gjennom åra. For borna er, og har alltid vore, veldig aktive. 

 

Emilie er ei driftig dame, i tillegg til å vere med i Ungdomsrådet i Hyllestad, har ho vore med i 4H sidan 2013. Der har ho vore både kasserer og leiar, og skal i år få 4H-plaketten. Ho har spelt fotball for Hyllestad heilt til no nyleg, og spelte handball i Dale nokre år. No er ho sjølv handballtrenar for dei minste borna i Hyllestad. Mesteparten av tida til Emilie går til skulearbeid, men ho likar og å halde seg i aktivitet ved å trene styrke, jogge og gå i dei mange vakre fjella vi har i Hyllestad.

 

Natalie er den som har vore med på flest aktiviteter, og på eit tidspunkt måtte ho velje vekk noko. No driv ho med dans, korps og handball, men har også vore med i 4H, fotball og på mange ulike dansetreningar.

 

Sofie går på handball og dans, og har før handballen kom til Hyllestad, spelt mykje fotball. Fotball har stått veldig sterkt, men i år tok ho seg ein pause frå det. Men ho kjenner at ho saknar det veldig. Klatreparken og fotballbana er veldig populær og mykje brukt.

 

Jeanette har sjølv vore aktiv handballspelar i Dale, og vart veldig glad då Hyllestadhallen stod ferdig slik at det ville bli mogleg for innbyggjarane i Hyllestad å trene handball. Ho er i dag trenar for 1.- 4. klasse og for J12. Utanom å vere i lag med ungane likar ho godt interiør, hage og å sjå på fuglelivet som er rett utanfor kjøkenvindauget. Der ser dei ned på Fuglevatnet som har eit enormt fugleliv. Jeanette har hinta til familien om at ho ynskjer seg ein kikert til jul, for ho likar godt å sjå på alle dei ulike fuglane som er der. Ho sit og som nestleiar i Hyllestad Skulemusikk.

Åge likar godt å jobbe med trearbeid, og har eit ynskje om å lære seg lafting. Elles har han all slags prosjekt på tomta, og syt føre at ting ser fint og velstelt ut. 

 

Dei trivast med å bu i Hyllestad og i ei lita bygd. Her er vi flinke til å ta vare på kvarandre. Her ser folk deg og ein føler seg aldri åleine.