hyllestad.info logo.png

I 1994 overtok Jonny-Helge garden på Atterås etter foreldra sine. Han såg fort at han hadde behov for ei gravemaskin på garden og han fullførte utdanning som anleggsmaskinkøyrar. Det tok ikkje lang tid før fleire vart oppmerksam på at Jonny-Helge hadde gravemaskin og bestillingar tikka inn. Det førte til at han i 1996 oppretta eit enkeltmannsføretak.

Jonny-Helge fekk etterkvart oppdrag som snøbrøytar i kommunen. I vintersesongen blei det difor mange hektiske døgn då han måtte kombinere gardsdrift og brøyting. Etter 4 år på denne måten, la han ned gardsdrifta og satsa vidare på entreprenørverksemda. I 14 år hadde Jonny-Helge ansvar for brøytinga i Hyllestad kommune, etter det gjekk han vidare til Veidekke og brøyta fylkesvegen for dei. Det gjer han framleis.I 2018 gjorde han bedrifta om til eit AS. Frå å ha ei gravemaskin, har han no tre, i tillegg har han borr, traktorar og ein lastebil.

Jonny-Helge kan gjere det meste innan massetransport. Han kan mure, grøfte, bore og drenere. Han jobbar som einaste tilsett i firma, men leiger inn arbeidskraft og samarbeider med andre når det er nødvendig. Han har blant anna eit godt samarbeid med Veidekke og får inn lærling gjennom dei slik at lærlingen får opplæring i gravemaskin som dei ikkje kan tilby sjølv lokalt. No i haust er det Emild Espeland frå Åfjorddalen som får opplæring. Ein kjekk og sjølvstendig ungdom som kjem til å bli ein god fagarbeidar. Jonny-Helge har også ungdomsskuleelev utplassering frå Hyllestad Skule kvar onsdag. Det er Adrian Avedal. Ein pliktoppfyllande og flink gut frå Leirvik.

I dag jobbar han for det meste på oppdrag frå andre firma. No i sommar har det vore mykje arbeid med klargjering for asfalteringa som blir gjort i kommunen. Det kjekkaste Jonny-Helge veit er gråsteinsmuring. Å kunne grave og legge mur langs vegar og på tomter er utruleg gjevande.

Heilt sidan Jonny-Helge starta for seg sjølv har han hatt arbeid, og det har berre balla på seg. Marknadsføringskanalen er jungeltelegrafen og nøgde kundar.

Jonny-Helge påpeikar at det er viktig å nytte seg av bedriftene som er i kommunen, og han seier at han har eit godt samarbeid med andre lokale bedrifter. Nokre gonger er ein konkurrentar og andre gonger tek ein oppdrag i fellesskap.

Framtida ser lys ut for firmaet Jonny-Helge Atterås AS. Det er alltid nokon som skal ha gjort noko og det er alltid nokon å samarbeide med. Han kjem til å fortsette samarbeidet med Veidekke og halde fram med å ta inn lærling for opplæring i gravemaskin. Han har ein plan om å gjere ferdig sertifikatet for sprenging, og han innser at bedrifta kanskje skulle vore på sosiale media slik at andre kan sjå kva han faktisk drive med. Det er utruleg kjekt å vere maskinentreprenør!

Maskinentreprenør Jonny-Helge Atterås

Tlf: 911 77 397

E-post: j.attera@gmail.com

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo