Julie og Anders bilde.jpeg
hyllestad.info logo.png

Julie & Anders

Julie og Anders bur saman med dottera Eira på eit gardsbruk i landlege omgjevnadar, nesten ytterst på Skiveneset i Hyllestad.                                                                                                                      

Her har dei ei stor tomt som gjev mogelegheit for eit fritt liv, dei har god plass og det er stille og roleg.                                                                                                                       

Desse verdiane set Julie og Anders høgt, og dei lurer ofte på kvifor folk ynskjer å «bu trangt».

Julie og Anders møtte kvarandre i Oslo i 2018 medan Julie studerte der. Før Julie reiste til Oslo for å studere, budde ho sine fyrste år i Hyllestad. Ho gjekk på grunnskule i Bygstad, før ho reiste vidare til Sogndal og Hønefoss for utdanning.

 

Ho hadde vore i Oslo i om lag 4 år då ho trefte Anders. Anders vaks opp på Lillestrøm og har mellom anna tenestegjort militært i utlandet.

I tillegg til at Anders og Julie er småbornsforeldre med all den tida det tek, har dei mange fritidsinteresser.                                                          

 

Anders er interessert i kunsten med å utvinne malm-furu. Dette er ein meir eller mindre «gløymd» teknikk som vart mykje brukt før i tida, mellom anna til bygging av stabbur og stavkyrkjer.                    

 

Elles likar han å gå turar, jobbe med motorsag, gå på jakt og spele gitar. Julie er agronomstudent og deltek på helgesamlingar ein gong i månaden, og jobbar ein del med å forberede og klargjere garden dei bur på, for ny drift. Ho har og lyst til å drive med små-skala gardsutsal for frukt og grønt, og kanskje ein liten kafé.        

 

Det dei tykkjer er finast med Hyllestad er naturen og stillheita, «og ikkje minst at folk faktisk helser på kvarandre her» 

 

Julie og Anders Furstenberg.