hyllestad.info logo.png

Kaja & Marko

Kaja (f. 1981) og Marko Vujicic (f. 1982) kjem opprinnleg frå Serbia, og flytta til Hyllestad for fire år sidan. 

 

Det var tilfeldig at dei havna akkurat her. Kaja og Marko ville flytte til eit anna land for å prøve noko nytt. Dei fleste som flyttar frå Serbia, flyttar til Tyskland. Men Kaja og Marko ville unngå stadar der det var mange serberar frå før, dei ville bu ein plass der dei kunne verte kjende med nye folk og nye kulturar. 

Kaja har ei venninne som gjekk legestudie i Serbia som ein dag fortalde at ho skulle flytte til Norge for å jobbe. Dette inspirerte Kaja og ho reiste heim same dag for å spørje ektemannen Marko om ikkje dei og skulle prøve det. Dei kunne jo berre flytte heim att dersom dei ikkje trivast.

 

Så dei «hoppa i det» og byrja prosessen med å få lov til å flytte og jobbe i Norge. Kaja, som er utdanna sjukepleiar, starta med å sende jobbsøknadar. Sidan Serbia ikkje høyrer til EU kvalifiserar ikkje Kaja si utdanning som sjukepleiar til å jobbe som sjukepleiar i Norge. Ho måtte difor søke jobb som helsefagarbeidar. 

 

For å få flytte til Norge måtte ho bevise at ho hadde høgre utdanning og at ho hadde fått eit jobbtilbod. Dette var både tidkrevjande og kostbart. Det å lære seg språk, få godkjent utdanning og flytte til et nytt land kostar ei lita formue, og som arbeidsinnvandrar får ein ingen stønad frå staten. Og når dette var gjort, måtte ho bestå norskkurs i Norge.

 

Kaja og Marko ynskte ikkje å bu i ein norsk storby. Dei tenkte det ville være lettare å komme til ein liten plass sidan det var fyrste gong i et nytt land, og med nytt språk. Erfaringsmessig har dei opplevd at folk som bur på landsbygda er snillare og meir imøtekommande. I en storby vil du, som ny innbyggjar, berre forsvinne i mengda. 

 

Kaja fekk jobbtilbud frå Hyllestad Omsorgssenter, Eiklund. Utan å vete noko om Hyllestad, anna enn at det var ein liten kommune med få innbyggjarar, takka ho ja til jobben. Kaja hadde ikkje undersøkt korleis været var i vestre del av Norge og hadde pakka med seg helt feil type klede fyrste gong ho kom til Hyllestad. Ho hadde sett føre seg mykje snø om vinteren, og sol og varme om sommaren. Ho var ikkje førebudd på dei store mengdene med nedbør (les:regn) på vestlandet, så dette kom som eit sjokk. 

 

Både Kaja og Marko er glade i snø og har opplevd mange harde vintrar i Serbia. Marko jobba frivillig som redningsarbeidar i fjella om vinteren og fortel at dei kunne ha vintrar med over to meter snø. Dei hadde sett bilder frå Norge med fjell dekka av snø og folk som sto på ski, og trudde dette var normalen over hele Norge. Men dei lærte fort at slik var det ikkje - hvertfall ikkje på vestlandet. 

 

Men fjell var det mykje av. Og dei har besøkt de fleste fjella i Hyllestad, i tillegg til andre større og meir kjende fjell som til dømes Skåla og Besseggen.

Forskjellen på serberar og nordmenn i fjella er at nordmenn berre vil forte seg opp og ned att. Dei opplever stadig at dei får spørsmål om kor fort dei gjekk. Dette er irrelevant for Kaja og Marko. Når dei går på fjelltur likar dei å ha med seg sekk med mat og drikke, stoppe fleire stadar undervegs og nyte den flotte naturen og utsikta. 

En annan ting dei heller ikkje var vande til, var å lage handleliste. Dei kjem frå storbyen Beograd, som har nesten 2 millionar innbyggjarar og er open døgnet rundt. Om dei hadde bruk for noko, var det berre å gå rett over gata til næraste butikk. Slik er det ikkje i Hyllestad. 

Dei var og vande til kontinuerleg gatestøy og belysning i gatene, uansett kvar dei gjekk. Stillheita og mangelen på gatelys i Hyllestad var noko dei brukte lang tid på å venje seg til. Kaja sleit med å få sove i byrjinga fordi det var så stille rundt ho.

 

Men det var dette dei ville ha, og dei trivast veldig godt. No når de reiser til Serbia, gler dei seg alltid til å reise heim att til Hyllestad. Dei tykkjer det er deilig å sleppe å stå timesvis i kø til jobb, og å bruke 45 minutt berre på å finne ein ledig parkeringsplass.

 

Naturen i Hyllestad er heilt fantastisk og dei har begge fått ei ro over seg her. Det er herlig å ha ein kvardag som ikkje er fylt med stress, bråk og lange arbeidsdagar. No håpar Kaja at ho får ta oppkøyring, slik at dei kan kjøpe seg bil. Dette vil gjere kvardagen mykje enklare for paret. Kaja hadde sertifikat og køyrde bil då dei budde i Serbia, men sertifikatet er ikkje godkjendt i Norge og ho må ta alt på nytt. Ho er ferdig med alt det obligatoriske og har berre oppkøyringa att.

 

Marko er utdanna innan maskinteknikk. Ei slags ingeniørutdanning der han teiknar anleggsdesign innan industri, energi og infrastruktur. Denne utdanninga er heller ikkje godkjend i Norge, så han får ikkje brukt den. Han er difor veldig takknemleg for jobben han har fått som industrimålar hjå Finio på Sørbøvåg. Der trivast han godt og har lært mykje. Han er overraska over kor stort tålemod folk har med han når det kjem til språk og kommunikasjon. 

 

Språk har heilt klart vore ei utfordring for paret. Kaja, som måtte lære seg norsk i Serbia, fekk problem når ho kom til Hyllestad då folk skreiv og snakka nynorsk. I Serbia hadde ho lært bokmål, og når ho i tillegg fekk fleire kollegar som snakka både svensk og dansk, vart ho noko forvirra. No, etter fire år, snakkar og forstår ho norsk godt. Enkelte dialektar kan framleis vere vanskelege,  spesielt om nokon ringer og ho ikkje får sjå kroppspråket deira. Både Kaja og Marko ynskjer at folk rettar på dei, om dei i samtalar seier ord feil. Dei opplever at nordmenn tykkjer det er ubehageleg å sei i frå, men for dei er det veldig viktig for at dei skal verte endå betre i norsk. 

 

Elles tykkjer dei at den norske kulturen og væremåten er veldig lik deira eigen. Når folk fyrst opnar seg opp og byr på seg sjølv, er dei veldig imøtekommande og hjelpsame. Kaja og Marko var innstilt på at dei sjølv hadde eit ansvar for å ta kontakt med innbyggjarane og vise initiativ, om dei skulle verte inkluderte i lokalsamfunnet, så dette gjorde dei. Dei har no mange vener som tilbyr hjelp om dei skulle trenge skyss, tek dei med på fjelltur eller viser dei rundt i distriktet. 

 

I fjor fekk dei mogelegheit til å vere med på båt- og fjelltur til Alden. Dette var ei fantastisk oppleving, og no planlegg dei å reise til Bulandet og Værlandet på sykkeltur. Å sykle er noko dei begge har interesse for, spesielt Marko. Og når dei ikkje har bil så er det sykkel dei brukar for å oppleve områda i, og rundt, Hyllestad. 

 

Dei er eit sporty par og Kaja trenar på Friskis og Svettis medan Marko går på innebandy i Hyllestadhallen. Men dei likar og å slappe av og være med vener. Dei likar å invitere til besøk og Kaja elskar å bake. Dei håpar på sikt at dei kan få mogelegheit til å kjøpe eller byggje seg hus i Hyllestad, og at Kaja snart får sertifikat slik at dei vert litt meir fleksible. 

"Det er herlig å ha ein kvardag som ikkje er fylt med stress, bråk og lange arbeidsdagar"

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo