hyllestad.info logo.png

Karsten, Karine & Oskar

Karsten og Karine budde mange år i Bergen før dei flytta tilbake til heimkommunen Hyllestad. 

 

«Vi gjekk på Kilimanjaro i 2013, og på fjellet hadde vi god tid til å tenke over livet vårt vidare, og då bestemte vi oss blant anna for å flytte heim» 

Dei flytta heim i 2015 og budde på garasjeloftet hjå foreldra til Karine til dei i 2017 kunne flytte inn i eige hus på Rønset. 

Hovudgrunnen til at dei hadde lyst til å flytte heim, var at dei ønkste å bu nærare familie.  I mai 2017 vart Oskar fødd, og det å ha besteforeldra så nær er veldig kjekt for både store og små. Foreldra til Karine bur i nabohuset, og mor til Karsten og stefaren bur på Sørbøvågen.  Karsten og Karine tykte begge at det var trygt og godt å vekse opp i Hyllestad, så dei var klare på at dei ønskte dette for Oskar òg. Oskar likar seg veldig godt i barnehagen på Hyllestad, og dersom dei skal trekke fram kva som er bra med å bu i Hyllestad, så er barnehagen høgt oppe på lista.  

  

Dei siste åra dei budde i Bergen jobba Karine som sjukepleiar på Haukeland Universitetssjukehus, og Karsten som mekanikar og verkstadsleiar i Ramirent.  No jobbar Karsten på asfaltfabrikk i Veidekke Industri, hovudsakleg i Listraumen, medan Karine jobbar som sjukepleiar på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Dei jobbar begge i turnus, og synes det er både fordelar og ulemper med dette. Vi har begge litt reisetid til og frå jobb, men vi slepp å stå i kø, seier dei. 

 

Med turnusjobbing og som småbarnsforeldre så kjenner dei sjølvsagt på tidsklemma i periodar. Når dei har fri i lag likar dei å vere med familie og vener. Dei er glad i å gå på korte og lengre turar og å trene i Hyllestadhallen.  Karine er også med i Hyllestad Røde Kors hjelpekorps, og så er det jo alltid noko å gjere på ein gard sjølv om dei ikkje har dyr.  

«Det er nok å finne på, så ofte skulle ein ønskt det var fleire timar i døgnet. Vi angrar i alle fall ikkje på at vi flytta heim"

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo