hyllestad.info logo.png

Kjartan Hatløy

Kjartan er fødd og oppvaksen på Salbu og her har han budd store delar av livet sitt. Skulegongen gjorde han på Øen, i Balestrand og på Nordfjordeid. Han tok over drifta av- og tok vare på småbruket han vaks opp på, samstundes som han og faren måtte ta seg av mor til Kjartan som fekk Parkinson. Han føler seg heime her og tykkjer det er kjekt å eige eit småbruk som ligg tett på villmarka. På vinterstid kan han bruke stjernekikerten sin å sjå mot nord frå baksida av huset utan nokon forstyrringar av lys.

 

I tillegg til å bu på Salbu, budde og jobba han eitt år på Nordfjordeid, og sju månadar i Svelgen der han jobba på Elkem. Kjartan jobba og ei årrekke på skipsverftet i Leirvik og studerte ein periode i Bergen der han tok mellomfag i filosofi. 

 

Kjartan sin store lidenskap er dikting. I diktarmiljøet er han veldig kjend og vert rekna som Norges viktigaste nolevande naturlyrikar og som ein av Norges finaste diktarar. Naturen rundt han inspirerar han til å skrive, men den aller største inspirasjonskjelda han vil trekke fram er den tyske filosofen Martin Heidegger. 

 

Kjartan seier han føler seg nærare filosofane enn poetane. Han vert aldri lei av dei og kan studere dei livet ut. I tillegg til filosofi les han mykje Egyptologi og astronomi.

 

Fyrste gong Kjartan sin kunst kom på trykk var i tidsskriftet «Arbeidaren» i 1982. Han debuterte i 1996 med boka «Solreven» og held i desse dagar på med si 13. bok.

I 2015 vart han tildelt lyrikkprisen «Diktertavla» på Hardanger folkemuseum og til 3 av bøkene hans har den prisvinnande fotografen Oddleiv Apneseth lagt til bilder.

 

Det er og laga ein dokumentarfilm om Kjartan. Våren 2017 hadde filmen «Solreven», av den tyske filmskaparen Frank Wierke, premiere. «Solreven» er eit filmatisk portrett av Kjartan og vart mellom anna vist på Litteraturhuset i Trondheim. Han har vore nominert til Brageprisen, Ungdomsprisen og Kvernsteinsprisen.

Noko av det han tykkjer er best med å bu i Hyllestad er naturen og stillheita. Begge deler er viktig for Kjartan når han jobbar eller les. Sjølv om han bur på ein liten plass føler han seg ikkje isolert. Han fortel mellom anna at då han publiserte si fyrste bok laga han bokfest i grenda. Naboane kom og dei hadde med kake med «Solreven». Elles har han kontakt med vener i både inn- og utland.

 

 «Før gjekk folk meir til kvarandre, no må ein gjere avtale. Eg kjenner ikkje så mange, men alle er hyggelege når ein kjem borti dei»  

 

Når han ikkje skriv så likar Kjartan å gå på tur. Han har kort veg til det flotte turområdet rundt Folkestien og Kvimsen. I barndommen kunne han gå timesvis på elvevandring langs elva i Ønadalen og på Salbu, og vart ekspert på å sjå kor ørreten stod. Det var ei fin tid som han av og til lengtar tilbake til. 

 

Han har vore med i Sogn og Fjordane skrivelag og hatt mykje glede av det. Dette er ei foreining for alle med tilknyting til Sogn og Fjordane som likar å skrive så her har han møtt mange likesinna.

Kjartan lyttar elles mykje til tysk radio og ser på BBC World på TV. Dette mellom anna for å vedlikehalde språket og å halde seg oppdatert på kva som skjer i verden spesielt no med valet i USA. 

 

Andre fritidsaktivitetar han vil nemne er Folkeakademiet i Hyllestad som han tykkjer har gjort- og gjer eit fantastisk arbeid og Miljøstasjonen i Staurdalen. Gjenbruk og miljø er viktig å ha fokus på, så den set Kjartan høgt og besøker den kvar onsdag!

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo