hyllestad.info logo.png

Knut Wolff AS vart etablert rett etter krigen i 1945, men då som ein sykkel- og radiobutikk. Dei utvikla seg vidare til dagligvarebutikk med sagbruk og trelast.

 

Etter at Leirvik Senter kom i 1986  fekk dei tilbodet om å flytte inn dit med butikken sin, men valde å bli der dei er i dag og heller satse på trelast og byggvare. Det har dei gjort sidan og er no ein del av byggkjeda Byggfag. I dag vert bedrifta driven av far og son, Atle og Kevin.

 

Hos Knut Wolff AS kan du få alt innan byggvare. Dei sel til både privatpersonar og næringsliv og leverer varer i heile regionen. Dei kan også tilby kraftfor frå Felleskjøpet.

 

Treng du noko innan trelast, byggvare, verktøy eller maling kan Knut Wolff AS ordne det. Om dei ikkje har det i butikken, kan dei bestille varene for deg. Gjennom Byggfag kan ein også bestille hus, hytte og garasje, få arkitekt- og prosjekteringshjelp. Og treng du å få varene levert heim, leverer dei det på døra di. I tillegg til lageret og drifta på «utstillingsplassen» har dei utleige av eigedom på kaia ved gjesthamna i Leirvik sentrum.

 

Knut Wolff AS ser positivt på framtida, er nøgd med den sysselsetjinga dei har og er samstundes open for samarbeid på prosjekt.

11140107_877438658988147_803381553563920
  • Facebook

6953 Leirvik i Sogn 

knut.wolff@enivest.com

57 78 82 14