top of page
Kollektivet1.JPEG
hyllestad.info logo.png

Lasse, Jørgen & Jim-Roar

"Når fleire på same alder vel å flytte heim blir det også eit betre miljø"

Lasse Birkeland (f.1996), Jørgen Ytredal Akse (f.1997) og Jim-Roar Wolff (f.1996) har flytta saman i leiligheit i Myklebustfeltet. Alle er frå Hyllestad og har kjent kvarandre frå dei var små. 

 

Lasse og Jørgen gjekk begge på elektro i Høyanger og tok fagbrevet på Havyard. Sidan har dei jobba der, og budde i byrjinga heime hjå foreldra sine. Jim-Roar gjekk på studiespesialiserande i Dale, og var deretter eit år i militæret før han flytta til Sandnes for å ta bachelor i ergoterapi. Etter endt utdanning fekk han eit vikariat på Hauglandsenteret og etterkvart sjukehuset i Førde. Då budde han på hybel i Førde i eit halvt år fram til vikariatet gjekk ut. 

Men so dukka det plutseleg opp ei ny stilling i Hyllestad kommune som ergoterapeut. Denne søkte Jim Roar på og fekk stillinga.

 

Lasse, Jørgen og Jim-Roar hang mykje saman på fritida. Dei hadde byrja innsjå at det kanskje var på tide å flytte heimefrå, og tanken på å flytte saman dukka opp. Når dei fekk mogleghet til å leige ein leilighet med tre soverom i Myklebustfeltet hoppa dei i det. 

 

Gjengen er einige om at det er godt å bu i heimbygda. Når fleire på same alder vel å flytte heim blir det også eit betre miljø. Det byrjar å bli fleire unge, men dei skulle sjølvsagt ynskje det var endå fleire. Når dei valde utdanning, var det ikkje med tanke på å flytte heim. Dei valde yrke etter interesse, og dei er alle einige om at dei er heldige som fekk moglegheit til å jobbe i Hyllestad.

 

I Hyllestad trivast dei godt. Det er fint ha familien nær og kjenne på ein tilhøyrigheit. Dei har hatt ein fin oppvekst her og har mange kjekke minner frå dei gjekk på skule og spelte fotball. 

Idrettsgleda har dei bevart og dei er svært godt nøgde med Hyllestadhallen. Og det beste er at den  berre ligg nokre få minutt unna der dei bur. 

Dei likar sport og idrett godt og hadde gleda seg til sommar-OL 2020. Då det vart avlyst grunna korona lagde dei like godt sitt eige sommar-OL (ØL 2020). Saman med vener og familie arrangerete dei leikar og konkurransar. Dei fekk laga seg draktar som no heng på veggen i stova, der vert dei hengande til dei skal arrangere nye ØL-leikar i 2021. Det er slike ting som er kjekt på bygda.

Dei føler at dei har alt dei treng her. Og dei prøvar så godt dei kan å nytte seg av tilboda som finnast her. Ein gong i månaden prøvar dei å ete middag på Hotell Sognefjord, og ofte samlast dei ein god gjeng der etter jobb. Det er godt å ha eit slikt tilbod - og maten er utruleg god! No, på grunn av korona, bestiller dei seg heller mat heim. Dei saknar kamp- og quiz-kveldane på hotellet og gler seg til det kjem tilbake. 

 

På fredagar er det alltid taco i kollektivet. Når det let seg gjere, et dei nesten alltid middag i lag. Det er meir økonomisk og mykje kjekkare enn å ete åleine. Men søndagsmiddagen vert ofte heime hjå familiane. Jim-Roar har i tillegg ein hyggjeleg familietradisjon som han set stor pris på, det er å ete lunsj hjå bestemora kvar lørdag.  

Dei trur at familiane er glad for at dei bur I Hyllestad, og dei er sjølv veldig glad for å ha familien så nær. 

 

På fritida er Jim-Roar og Lasse opptatt av trening i hallen, fotball og volleyball. Jim-Roar er også opptatt av musikk og driv ein del med det, medan Jørgen er interessert i mekking på bil og set pris på ein god kvil. Dei ynskjer å verte flinkare på husarbeid og har no laga seg ei oversiktsliste over kven som skal gjere kva i heimen. Elles rullerar dei på kven som skal handle på butikken. Regelen er at den som handlar bestemmer kva dei skal ha til middag.

 

Dei tykkjer det er utruleg kjekt å bu saman i kollektiv. Det har til no ikkje vore konfliktar og dei trivast alle godt i lag. Spesielt no med korona er dei glad dei har kvarandre. Det er mykje enklare og kjekkare å finne på noko i lag enn om dei var åleine. 

bottom of page