hyllestad.info logo.png

Elisabeth & Ronja Sofie

Elisabeth Fanebust (f.1981) og dottera Ronja Sofie (13 år) flytta til Hyllestad i februar 2021. Dei hadde aldri høyrt om Hyllestad før Elisabeth såg at det var ledig stilling som NAV-leiar her. Då byrja ho å søke på nettet om kommunen, og vart positivt overraska over det ho fann. 

 

Elisabeth kjem opprinnleg frå Alverstraumen i Nordhordland, men då ho søkte på stillinga, budde og jobba ho i Arna. 

Der gjekk Ronja Sofie på ein stor skule og hadde om lag 50 elevar i sin klasse. 

 

Naturen i Hyllestad var noko av det Elisabeth likte, men ho likte og det ho fann ut om Hyllestad skule og tilboda som finnast i kommunen. Ho valde difor å søkje på stillinga som Nav - leiar, og til si store glede fekk ho den. Då byrja prosessen med å flytte.

 

Denne overgangen gjekk fint. Ho fekk god hjelp frå kommunen der ho fekk tilbod om rekrutteringsbustad i Lervik.

Ronja Sofie byrja i 7. klasse, og går no i 8. klasse der dei er 16 elevar. Elisabeth og Ronja Sofie tykkjer det er veldig fint med mindre klasser der det er ro i timane og der elevane blir sett. 

 

I Arna hadde dei tre kyr, tre kvigekalver, høns og ein hane. Hønsa og hanen tok ho med seg til Leirvik, men kyrne måtte bli igjen. Elisabeth er veldig glad i dyra sine og ønskjer no å få kyrne heim til seg i Hyllestad. Difor ønskjer ho å leige ein gard i kommunen, og blir glad for alle tips ho kan få. Finn ho ein gard til leige, vil ho nok utvide familien med nokre grisar og sauar og. 

Elisabeth og dottera har byrja å bli betre kjende i kommunen. Dei har snart gått alle turane i TiTur Hyllestad, og på denne måten har dei fått sett store delar av kommunen. Til no er det turen til Hesjetinden, via dagsturhytta, som er favoritten.

 

Elles går mesteparten av tida for Elisabeth til jobb. Her trivast ho utruleg godt, men det har vore mykje nytt å sette seg inn i. Det har vore ei bratt læringskurve, men samstundes veldig lærerikt og utfordrande. 

Utover jobb går fritida til dyra, tur i skog og fjell, og Manchester United kampar på TV. Ronja Sofie er veldig glad i teater og hadde eit stort ønskje om å komme inn på Kulturskulen, men der var det dessverre fullt og ho er no på venteliste. 

 

Frå å bu i blokkleilighet til å flytte til Leirvik med solrik altan og fantastisk utsikt, passar Elisabeth fint. At det er små klasser på skulen, tett mellom etatane og enkelt å ta kontakt med folk, er heilt klart det Elisabeth set mest pris på ved å bu i Hyllestad. I tillegg er jo naturen ein stor bonus! Det er heller ikkje langt å køyre til Arna, men det hadde sjølvsagt vore enklare om kyrne fekk flytte hit. 

 

Kanskje Elisabeth kan få oppfylle draumen om småbruk i Hyllestad ein dag?