Mary Anne Holmeseth og Arne-Gunnar Lundekvam hadde begge ei stor interesse for å gå på bruktmarknadar og i antikkbutikkar, og spesielt gjenbruk var aktuelt. I utlandet er dette heilt vanleg, og dei kunne gå i timesvis berre å observere og trekke til seg alle inntrykk som var der.
Etter å ha tråla bruktmarknader og butikkar i Frankrike over nokre år, fekk dei etterkvart kjøpt ein del fine gjenstandar som dei tok med seg heim. Dette var starten, og dei begynte å leike med tanken på å få til ein brukthandel i Hyllestad inspirert av korleis det var i Frankrike.
Dei fekk leige ein nedlagt bilverkstad på Birkeland, tok kassabilen og køyrde nedover Europa for å handle møblar, porselen, glas, leikar og antikk i Frankrike, Nederland, Tyskland og Danmark.
I tillegg vart dei kontakta av folk frå fjern og nær som blant anna skulle flytte, og fekk såleis høve til å kjøpe inn mykje fint av norske varer. Dei fekk fylt opp lokala på Birkeland, og i februar 2008 opna dei bruktbutikken Krambua.
Det var ei utruleg kjekk tid, men etterkvart innsåg dei at dei trong meir plass, og ville gjerne ha eit lokale som var nærare heimen og langs Fylkesveg 57.
Ein dag i 2012 fekk Arne-Gunnar ei moglegheit til å overta nokre gamle sovebrakker frå Havyard. Då fekk dei ideen om å bygge butikk på eiga tomt. Arbeidet vart stort og omfattande, og i tillegg hadde dei jobbar utanom. Men dei kom i mål! I 2018 kunne dei endeleg opne Krambua att!
Butikken rommar heile 200 kvadrameter og er fylt opp med både gamle og nye gjenstandar frå ulike stader i Europa. I butikken har dei og fått opp ein liten kafe, Cafè Petit, der ein kan få kjøpe seg kaffi og litt heimebakst. Butikken og kafeen er innreia i ein koseleg stil med ein god miks av gammalt og nytt, og nesten alt som er der er til sals. Når været er fint, er det ekstra koseleg å sitte ute på terrassen.
På ei varemesse i Nice i februar 2018, fekk dei kontakt med nye leverandørar som hadde varer som dei tenkte kunne passe til den norske marknaden, blant anna nokre flotte fargerike vesker og korger i ymse størrelsar frå Madagaskar, og flotte dekorerte handdukar og gode såper frå Marseilles.
Dei fekk vesker i hopetall, og bestemte seg for å lodde ut ei ugleveske på Facebook for å skape litt merksemd rundt butikken. Det skulle vise seg å vere ein stor suksess. På kort tid hadde dei over 4000 nye følgjarar, og etterspurnaden etter veskene var stor over det ganske land.
Dei siste åra har dei kjøpt inn ein del kunst- og kulturhistoriske ting frå Noreg. Norske produserte varer er etterspurt og dei er opptekne av at det skal vere god kvalitet. Nokon synast at slike ting er dyrt, men då tenker ein gjerne ikkje over alt arbeidet som er lagd ned som broderte dukar, flott vevnad, handlaga møblar og antikk. Noko ein skal ta vare på i mange generasjonar til! Det er skikkelege varer, handlaga og heilt unike produkt som det berre finnast ein eller få av. Norsk design er høgt skatta og her finnast mykje av stor verdi.
I tillegg til butikken har Krambua og hatt ein strikkekafé kvar onsdag frå kl 19-21. No er dei på sitt andre år, og det er veldig populært. Då samlast ein gjeng som likar strikking og hekling, elles er det deling av oppskrifter, inspirasjon og sosialt prat. Det serverast kaffi og noko å bite i. Det er ein veldig kjekk og inkluderande gjeng som sitt rundt borda.

Krambua har og tilbod om utleige av kafeen til bursdagar, møter og andre arrangement. Dei har plass til 20 gjestar, og dei kan stå som vertskap og servere mat og drikke. Krambua er open for det meste og det skal vere triveleg å komme til dei.
Vertskapet får gode tilbakemeldingar på konseptet, og det er tydeleg at gjestar kosar seg. Fleire opplev å kome på Krambua som å gå på skattejakt.
Ønskjer ein å kome innom Krambua utanom opningstid, opnar dei dørene om dei er heime. Krambua tilpassar seg kundane sine ønskjer og set pris på tilbakemeldingar.
I sommar har dei hatt flest norske turistar på besøk. Mange av dei har vore følgjarar på Facebook og har reist lange vegar for å sjå og oppleve Krambua.
Vertskapet på Krambua har mange idear og ambisjonar framover. Dei planlegg blant anna å lage ulike arrangement. Mary Anne har veldig lyst å få til eit showroom der ho kan setje saman ting frå butikken som kan vere til inspirasjon for andre. Det er spennande å mikse gamalt og nytt interiør. Dette kan skape fine personleg uttrykk.
Ein annan ting dei har lyst til, er å utvide kafetilbodet. Men då treng dei nokon som vil drive den. Dei har bra nok kjøkken og lokale, så om det er nokon der ute som har lyst å starte kafe er dei hjarteleg velkomne til å leige lokala hos Krambua.
Krambua er stadig på jakt etter dei unike tinga som ingen andre har, og skaffar gjerne det som kundane etterspør.
Velkommen til Krambua.