top of page
hyllestad.info logo.png
Kulturkonsulent.jpeg

På kulturkontoret finn du Franziska Rüttimann Storemyr. Ho er tilsett som kulturkonsulent / frivilligkoordinator i Hyllestad kommune. Stillinga som frivilligkoordinator er ny i kommunen i 2021. 

 

Kulturkontoret er involvert i mange ulike prosjekt, aktivitetar og arrangement i kommunen. Som kulturkonsulent / frivilligkoordinator ønskjer Franziska å bidra til at Hyllestad kommune skal vere ein god kommune å bu i. Ho skal sørge for at kommunen kan by på eit mangfoldig kulturliv med ulike tilbod til innbyggjarane, spesielt aktivitetar for born og unge men også for eldre og andre målgrupper. 

 

Når det gjeld jobben som frivilligkoordinator vil Franziska bygge opp ein frivilligheitssentral som er tilpassa Hyllestad sine lokale forhold. Målet er å ha ein god dialog og eit godt samarbeid med frivillige.Men fyrst må ho finne ut av to ting; kven er det som kan, og har lyst, til å jobbe som frivilleg? Og kven kan ha eit behov for å profittere av eit tilbod via frivilligheitssentralen? Inkludering står sentralt innad i frivilligheitssentralen, og Franziska ønskjer at alle i kommunen skal føle at dei vert sett og tekne vare på.

 

Innan kultur finn du musikk, teater, billedkunst, kulturarv og idrett. Eit oppdrag Franziska har fått er å lage kommunen sin nye kulturplan. Dette er ein strategi- og handlingsplan som skal vise vegen for Hyllestad si kulturelle satsing og utvikling. «Det er veldig viktig at mange bidreg til planen med idear og innspel», seier ho. I dei komande vekene er det difor planlagd møte med skulen, helse og omsorg, frivillige lag osv. for å diskutere kva som bør stå i den nye planen. I følgje Franziska vil planen vere eit viktig instrument for å gjennomføre konkrete tiltak som vil bidra til auka trivsel og ikkje minst god helse til innbyggjarane i Hyllestad. 

 

Franziska ser stort potensial i Prestegarden som kan bli eit viktig kulturhus og ein fin møtestad for både fastbuande og besøkjande. «I Prestegarden er det fleire leigetakarar som alle jobbar innan kulturfeltet, som Sogelaget, Folkeakademiet, Kvernsteinsenteret, kunstnarane Frode Holst og Siri Embla», fortel Franziska. «Og no i sommar var det sommarkafé og bruktbutikk der, som vart godt besøkt. Dette kan vi utvikle vidare!»

 

Franziska har mange idear og tankar på korleis ho ønskjer at kulturlivet og frivilligheitsentralen i Hyllestad kan nytte seg av Prestegarden. Men her skal ho jobbe med å utarbeide eit konsept og kartlegge behovet først.

 

Ein annan ting som er viktig er sentrumsutviklinga. Det er eit stort ønskje om å oppgradere uteområdet ved skulen og ta del i vidare arbeid rundt utviklinga av Hyllestad sentrum. Kommunen har fått midlar via fylkeskommunale program til å jobbe vidare med utviklinga. «Prosjektet for å oppgradere skulen sitt uteområde er spesielt spennande», seier Franziska. «Om vi er heldige, blir vi til hausten med i eit program der vi får hjelp og økonomisk stønad for å utarbeide eit nytt flott uteområde. Dette vil bety mykje både for elevane og lærarane, men alle som bur i Hyllestad skal kunne nytte seg av uteområdet utanom skuletida.» 

Søknadsskriving er ein viktig del av jobben som kulturkonsulent. Det er mykje ein kan søke på innan kultur og frivilligheit, og Franziska ønskjer å bistå med hjelp og rettleiing for dei som har  ønskjer innan desse felta. 

 

Nytt for i år er sommarskulen. Eit prosjekt Franziska gladeleg vart med på, og tok seg av både organisering og påmelding. «Eg fekk sjølv gjennomføre eit kokkekurs for elevar frå 3. – 7. klasse, det var utruleg morosamt», smiler ho. Alle sommarskuletilbod har vore ein stor suksess og veldig kjekt for elevane.

 

Tilbod for born og unge er noko Franziska har eit sterkt ønskje om å jobbe vidare med. Ein ide er å tilby ein fritidsklubb for born og unge der alle skal ha eit tilbod etter skuletid. Avstand og økonomi skal ikkje vere ei hindring. Elles ser det ut til at det er stor interesse for e-sport. «Vi vil prøve å etablere ei e-sport-gruppe», fortel Franziska, «dette er noko som vart ønska av ein god del ungdom.» Vidare håpar ho at hallen skal verte meir open og tilgjengeleg etter korona og at det skal verte ein naturleg møteplass for alle.

 

Kontakt:

Kulturkonsulent/frivilligkoordinator Franziska Rüttimann Storemyr

Tlf: 911 95 016

E-post: franziska.ruttimann.storemyr@hyllestad.kommune.no

bottom of page