Kulturskulen er eit interkommunalt tilbod i Hyllestad og Fjaler som tilbyr opplæring i musikk, dans, visuell kunst, teater til born og unge. Til saman har dei i overkant av 300 elevplassar og elevane kan gå på fleire fag.
I tillegg tilbyr dei tenester til sjukeheimar, skular, kor, korps og aktivitetssenter. Dei driv og med tilrettelagt musikk, til dømes til utviklingshemma. Desse har mellom anna eit band som heiter «Go Bananas» som har spelt i 10 år.
Norsk lov seier at alle kommunar skal ha eit kulturskuletilbod til born og unge, enten aleine eller i samarbeid med andre kommunar. Hyllestad og Fjaler kulturskule er eigd og drifta av kommunane, og det er dei som bestemmer innhald og omfang av tilbodet på sin skule. Grunntanken til Hyllestad og Fjaler kulturskule er at dei vil vere eit ressurssenter for kunst og kultur.
Kulturskulerektoren, Mats Systaddal, er svært fornøgd med at kulturskulen har fått eigne øvingslokale i Hyllestadhallen. Han seier det er gode øvingslokale for musikk, samt gode rom til visuell kunst og dans. Han meinar hallen er eit stort løft for kommunen.
Nett no er dei tilsette ved Hyllestad og Fjaler kulturskule tatt inn i eit pilotprosjekt gjennom Høgskulen i Innlandet som handlar om vurdering i læring. I staden for å vurdere eit prosjekt i etterkant skal dei no vurdere i forkant for å finne ut kva som skal til for at elevane skal utvikle seg vidare. Undervisningspraksisen skal med andre ord verte betre for elevane.
Eit anna arrangemet dei jobbar aktivt med er UKM (Ung Kultur Møtast). Dei ynskjer at UKM skal bli noko som skjer heile året istadanfor kun eitt arrangement slik det er no. Tanken er å ha fleire «workshops» som skal ha mindre fokus på konkurranse og meir fokus på meistring. Dei vil mellom anna arrangere workshop i låtskriving av popsongar.

Mats meinar at kulturskulen er eit viktig supplement til kommunen. Han veit at tilboda dei tilbyr blir sett pris på av innbyggjarane og elevane får moglegheit til å utvikle sin kreativitet, kunst- og kulturøving. Det er viktig for dei at elevane får meistringsfølelse.
Kulturskulen er open heile skuleåret og dei tek inn elevar fortløpande så lenge det er plass.
Trykk her for å lese meir om tilboda
Trykk her for å søkje om plass

