Alle som har vakse opp i Hyllestad, visste om at det ligg masse kvernstein mange plasser og at det har vore kvernsteinsdrift før i tida. Men ikkje før på 1990-talet og seinare gjekk det opp for både forskarar og lokalfolk kor stort dette var: Nesten 400 steinbrot og drift heilt tilbake til 700-talet! Her i Hyllestad er Nordeuropas største steinbrotslandskap frå vikingtida og mellomalderen! Det er ingen tilfeldigheit at våre kvernsteinsbrot er nominert som UNESCO verdsarv. Takka vere Hyllestad kommune og Kvernsteinslauget – ein gjeng med engasjerte eldsjelar – vart etter kvart Kvernsteinsparken til, som vart opna av sjølvaste Dronning Sonja i 2002. I Kvernsteinsparken kan du oppleve og sjå den over 1000-årige historia kring steinbrota. Dette er eit heilt spesielt utandørs- museum med mange spennande aktivitetar for alle.
I dag har Kvernsteinsparken/Norsk Kvernsteinsenter tre tilsette. Vi jobbar med formidling, forsking og forvalting av kvernsteinsbrota i Hyllestad. Ein viktig del av vårt arbeid er å organisere ulike arrangement slik som marknad, utandørs kino, seminar, familieaktivitetar og kurs. Om sommaren jobbar det guidar i parken.
Kvernsteinsparken/Norsk Kvernsteinsenter jobbar stadig med fornying og har alltid eit eller fleire prosjekt på gang. Vi har store ambisjonar om å utvikle parken, få eit større og meir utvida opnings- og formidlingstilbod, kanskje med eit lite besøkssenter. Det skal vere ein plass der folk får lære ved å gjere ting sjølv - her skal ein jobbe med hendene – slik som steinhoggarane gjorde i gamle dagar!

