top of page
hyllestad.info logo.png

Hyllestad kyrkje er omtala saman med Øn («Ecclesie de Hyllestodum et An») i «Pavelige Nuntiers Regnskabs- og Dagböger» ca. 1327–28. Då stod kyrkja på det som no kallast Hyllestad gamle kyrkjegard, der tuften framleis kan sjåast.

Den «nye» kyrkja vart bygd i 1880 av byggmeister John Alvær. Arkitekt var Henrik Nissen.

Altarlysestakane i kyrkja er frå mellomalderen og døypefonten av hoggen i kleberstein er frå 1200-talet. Kyrkja har og ei katekismetavle med bibeltekstar frå 1600-talet.

I 2011 vart Hyllestad kyrkja bygga om og modernisert. Det vart gjort om på preikestolområdet og kyrkja vart møblert med stolar i staden for benkar. Eit areal bakarst i kyrkja vart fråskild og kjøken vart innreia nær inngangen. Biskopen den gang anbefalte at fleire kyrkjer burde gjere ein slik ombygging som Hyllestad.

I dag har  kyrkja eit preg av at gamle tradisjonar og handtverk møter ein moderne livsstil. Der er instrument for song og musikk, storskjerm for undervisning, elektronisk orgel. Der er nokre song- og musikkgrupper i kyrkjelyden. Sitteplassane kan ein flytte til side slik at rommet kan brukast til aktivitetar som t.d. myldresamling, basecamp for ungdom og minikonfirmantar med overnatting i kyrkja, konfirmantsamlingar, kyrkjekaffi rundt eit langbord, eit fleksibelt allrom .

Sokneprest, Audun Systad, seier at det er viktig at kyrkja vågar å fornye seg og å følgje med i tida; spesielt når det gjeld arbeidsformer. Audun har vore prest i 37 år, fem av dei i Hyllestad kyrkje. Han har no fått i oppgåve å skrive om dei gamle steinkrossane. Og då må han langt tilbake i tid. Heilt tilbake til då prestar og munkar frå Irland og England kom og misjonerte i Noreg. Her har vi ein rik arv frå vest. Då nordmenn reiste i viking kunne det gå hardt for seg, men dei møtte ei tru som etter kvart kom til å få fotfeste også hos oss.

 

Det er spesielt at her i Hyllestad kjem dei fem største steinkrossane frå: Den i Korssund, dei to i Eivindvik, ein på Gard i Haugesund og den aller største på Kvitsøy i Rogaland. Desse har truleg kongar og høvdingar reist tidleg i denne perioden. No har Hyllestad og blitt ein nøkkelstad på den såkalla «Kystpilgrimsleia» - herifrå kom dei eldste steinkrossane- som er synlege uttrykk for den nye tida som kom med den kristne trua. 

 

Det var høgtidleg søndag 30.august då ordføraren i Hyllestad fekk overlevere ein  kross, laga av Torbjørn Løland, til biskop em. Hagesæther. Sist laurdag fekk ordføraren i Bergen  ta  imot  den som gåve til Bergen kommune, i samband med markeringa av Bergen som bispesete for 850 år sidan.

I kyrkja er det ikkje berre soknepresten som jobbar. Audun har 5 andre kollega i deltidsstillingar; kyrkjeverge, kyrkjesekretær, kyrkjetenar, organist og trusopplærar. Det er berre presten som er tilsett i staten, dei andre er tilsett i Hyllestad sokneråd, eit kyrkjeleg valt organ som har det formelle arbeidsgjevaransvaret.

hyllestad kyrkje.jpg

Medarbeidarane treffast ein del tysdagar og snakkar om det som skal skje framover og evaluerer det som har vore. Dei skal drifte og forvalte alle tre kyrkjene, det eine kapellet og dei tre gravplassane i kommunen. Dei skal publisere Kyrkjebladet, som er ein svært viktig informasjonskanal for kyrkjelyden, tre gonger i året. Kyrkjeverje er sakhandsamar til sakar som skal til soknerådet. Soknerådet har ansvaret for å "vekke og nære det kristelege livet i soknet", dei skal gi gode kristeleg tilbod frå vogge til grav, til livsmeistring. Audun synes det er viktig å gi håp og mot gjennom samtale og bønn. Ta godt vare på alle menneska og syne at ein bryr seg.

 

På onsdagar er det samtale – og bønekveld i kyrkja. No er det mest ein fast flokk som møter, og dei tek imot bønneønskje. Ein har og hatt «Tid- for tru-kveldar, der ein har hatt samtale om trua. Det har også vore open kyrkje. Nedstenginga har vore ei utfordring , også for kyrkja- I alle høve ønskjer Audun at kyrkja skal vere synleg i samfunnet, og alle er velkomne å ta kontakt

Det er eit behov for fleire prestar i Noreg, og no i det siste har søkjartalet til utdanning gått litt opp, noko Audun synast er særs positivt. Det er eit fint og givande yrke! Han seier til slutt at han gjerne ynskjer å formidle «den gode skatten».

Les meir om kyrkjene og gravplassane i Hyllestad her

E-post kyrkjekontoret:

post@hyllestad.kyrkja.no

Telefon: 57 78 85 65 tysdag og torsdag kl 10 – 15

E-post prest:

audun.systad@hyllestad.kyrkja.no

Telefon: 97 15 52 37

hyllestad.kyrkja.no

  • Facebook
bottom of page