top of page
hyllestad.info logo.png
Landbruksforvaltninga.jpg

Landbruksforvaltninga har eksistert i Hyllestad kommune sidan 1930-talet. Staten har pålagt kommunane å utøve landbruksforvaltning, på lik linje som dei er pålagt å tilby skule og helsetenester. Før hadde kvar kommune si eiga landbruksforvaltning, men ettersom åra gjekk vart einingane mindre og mindre.

 

På starten av 2000-talet byrja dei difor å sjå på moglegheitene for å slå seg saman. Etter at den nye kommunereforma kom vart det enda meir naturleg å slå seg saman, og i dag er Sunnfjord kommune den største landbruksforvaltninga i Vestland.

Frå 1. august 2020 vart landbruksforvaltninga i Hyllestad slått saman med nabokommunane Askvoll og Fjaler, og dannar ei felles landbruksforvaltning for dei tre kommunane. 

 

Dei tilsette skal kunne mykje innanfor eit stort arbeidsfelt, og då er det fint å vere fleire medarbeidarar. Askvoll kommune er vertskommune og har hovudkontoret, men det er kontordag ein til to dagar i veka i Fjaler og to dagar i veka i Hyllestad kommune. 

 

Til saman er dei fem tilsette og i Hyllestad treff du hovedsakleg Liv Synnøve Andersen. Sidan det varierar kva dag landbruksforvaltninga er på kontoret i Hyllestad er det ønskjeleg at du tek kontakt på førehand for å avtale møte. 

 

Landbruksforvaltninga for Hyllestad, Fjaler og Askvoll kommune tek seg av oppgåver innan forvaltning og rådgjeving knytt til landbruket. Viktige oppgåver er tilskotsordningar, lovforvaltning og næringsutvikling. Landbruksforvaltninga dekker fagområda jordbruk, skogbruk, utmark, og viltforvaltning. For å kunne jobbe med landbruksforvaltning bør du ha ein landbruksfagleg utdanning, til dømes innanfor agronomi, skogbruk og naturforvaltning.

 

Dei har fordelt arbeidsoppgavene mellom dei fem tilsette, så sjølv om Liv er den som oftast er i Hyllestad, betyr det ikkje at ho åleine er ansvarleg for sakene i Hyllestad. Det varierar heilt etter arbeidsoppgåvene. Liv har til dømes mykje med tilskot å gjere, uavhenging om du tilhøyrer Hyllestad, Fjaler eller Askvoll kommune. 

 

Dei tilsette ser at samfunnet blir meir digitalisert og dei har ikkje like mange fysiske møter med jordeigarar som før. Det viktigaste for jordeigarar er at dei tilsette på landbrukskontoret er tilgjengelege når dei tek kontakt. 

Frå venstre: Johannes, Velaug, Liv, Geir og Kenneth

Om du ønskjer å gjere avtale for samtale med ein sakshandsamar, kan du ta kontakt på telefon 577 30 700 eller via e-post til postlaf@askvoll.kommune.no.

 

Du kan og ta kontakt med den enkelte:

Kommunalsjef landbruk Geir Grytøyra: 577 30 736 

(konsesjonssaker, handsaming etter jordlova, saker til Innovasjon Norge, veterinærordninga m.m)

 

Rådgjevar Liv Synnøve Andersen: 577 30 738 

(Smil tilskot, produksjonstilskot, Rmp, gjødselplanlegging, arealklassifisering m.m)

 

Rådgjevar Johannes Folkestad: 577 30 737

(nydyrking, dreneringsaker, organisert beitebruk, arealklassifisering m.m)

 

Sakshandsamer Velaug Eikemo: 577 30 735

(produksjonstilskot, Rmp, post og arkivansvarleg m.m)

 

Rådgjevar Kenneth Aaland: 577 30 739 

(Skog og utmarksforvaltning, Viltansvarleg m.m)

hyllestad.kommune.no/landbruk

bottom of page