hyllestad.info logo.png
Langedal Bygg

Iben Langedal kjem frå Modalen og jobba som sjølvstendig næringsdrivande tømrar i 10 år før han flytta til Hyllestad i 2005. Her fekk han seg jobb som tømrar og fagansvarleg i Hyllestad Bygg AS.

Etter mange flotte år i Hyllestad Bygg, kjente Iben at han ville jobbe for seg sjølv igjen. Og i 2019 starta han enkeltmannsføretaket Langedal Bygg. Med seg på laget fekk han sonen sin, Lage Langedal, som no er lærling i bedrifta.

Langedal Bygg utfører alt innan tømrarfaget. Dei kan bygge nybygg, påbygg og tilbygg. Dei utfører innreiingsarbeid, restaurerer og rehabiliterer gamle hus. Dei tek på seg store og små prosjekt, alt frå å legge panel, montere kjøkken og garderobe, sette inn dørar og vindauge, legge tak og isolere. Dei meistrar det meste og trivast veldig godt med finarbeid, slik som listing og montering.

Langedal Bygg samarbeider ein god del med Vestbygg, men utfører også oppdrag til privatpersonar i HAFS-regionen. Iben likar godt når han får levere tømrartenester til store og langsiktige prosjekt som varer over lengre tid. No deltek han mellom anna på ein stor jobb på Haugland der han allereie har vore i eit år, og skal vere der heilt fram til sommaren 2021. 

Utfordringa med å vere ei lita bedrift er planlegging av oppdrag. Eit rehabiliteringsprosjekt kan fort ta mykje lenger tid ein kva ein først førespegla. Då blir ein liggande bakpå med neste byggeprosjekt, og då må kundane vente, noko Iben ikkje likar.

Iben trivast godt som tømrar og kjem til å jobbe som det til han pensjonerer seg. Bedrifta går godt og han har mange oppdrag framover. Det er viktig for Langedal Bygg å presisere at kundane alltid kjem først, og då blir det vanskeleg å prioritere slike ting som logo og nettsider når det ikkje er behov for det.

Sonen Lage skal fullføre lærlingtida, deretter blir det eit år i militæret før han eventuelt kjem tilbake for å jobbe som tømrar i Langedal Bygg.

Kontakt:

Iben Langedal

Kjøpstadvegen 163

6958 Sørbøvåg

 

Tlf: 95 24 73 75

E-post: iben@langedalbygg.no