hyllestad.info logo.png
Lavik Bygg

Huw Wilson har vore i innom mange bransjar og hatt mange ulike jobbar, og av alle han har vore innom er det snekring han har trivast best med. Sidan 2018 har han jobba som prosjektplanleggar på Havyard Ship Technology. Dei siste åra byrja han å tenke på om han skulle starte noko sjølv, og då beskjeden om nedbemanning kom, fekk han gnisten han trengde for å gjere akkurat det.

 

Han fekk god hjelp av Hyllestad Næringsråd, og då spesielt av næringskoordinator Laila Johannesen. «No er det jo ikkje slik at berre fordi ein kan snekre kan ein starte si eiga bedrift» seier Huw. Det er mykje å sette seg inn i, og utan hjelpa han fekk hadde det ikkje vorte ein enkel overgang.

 

Lavik Bygg AS vart stifta I april 2021. Sjølv om han framleis jobbar på Havyard, har han allereie byrja å få ein del snekkaroppdrag. 

 

Huw ønskja å ha eit namn på bedrifta som fortalde kva han dreiv med og kvar han høyrer til. Sjølv bur han i Leirvik. Men det er ikkje lang veg til Lavik, og han ser føre seg at det kanskje vil verte nokre oppdrag der sidan det pr no ikkje finnast snekkar i der. 

Kona til Huw, Marita, heiter Lavik til etternamn, så firmanamnet vert samtidig ein del av familien. Han tykte det klang betre enn «Tømrar Wilson» og ser føre seg at Lavik Bygg vil vere eit betre namn om han i framtida skal få fleire folk med i bedrifta. 

 

Logoen har han fått utarbeida lokalt. Huw meinar det er viktig å nytte seg av lokale leverandørar, og støtte dei som finnast i kommunen. Logoen er veldig personleg for han då symbolet tek utgangspunkt i eit kunstverk som faren har laga. Kunstverket heiter «Millstone» (kvernstein på norsk), noko som og gjev ei lokal tilknyting og kjennskap til Hyllestad. 

 

Hjå Lavik Bygg kan du få hjelp til det meste innan bygg og tømring. Huw kan jobbe med nybygg, påbygg, oppussing og restaurering. No framover skal han jobbe saman med Tømrar Eikelid på prosjekt. Saman kan dei få gjort mykje meir, til dømes ta større jobbar, og det vert meir sosialt enn å jobbe åleine. 

Huw tykkjer innvendig arbeid er det kjekkaste. Han likar store oppdrag der han får ein del utfordringar. Han er løysingsorientert, kreativ og nøyaktig. Kun perfekt er godt nok, og det er viktig at jobben vert utført skikkeleg frå start til slutt. Alt skal vere på stell, både når det gjeld arbeidet han gjer, og sikkerheit.

 

Frå august kjem han til å jobbe 100% som snekkar og gler seg til tida som kjem. Han har i utgangspunktet ingen begrensingar for kvar han kan jobbe, men ønskjer helst lokale oppdrag i HAFS-regionen. Han skal på sikt få oppretta ei facebookside for bedrifta, men seier at i byggebransjen er det jungeltelegrafen som er det viktigaste. Dei har eit godt miljø i byggebransjen i Hyllestad, der dei er flinke til å bruke, og anbefale kvarandre.

lavik bygg logo.png

Kontakt:

Huw Wilson

E-post: post@lavikbygg.no

Tlf: 469 09 086