hyllestad.info logo.png

Kårhuset vart ståande tomt etter at begge foreldra til Bjørg Lavik døydde i 1992. Omtrent på same tid, var det ein tyskar som dreiv med agentverksemd som kontakta dei med førespurnad om ho og mannen var interessert i å leige ut huset. 

 

Det ville dei, så dei gjorde ein avtale med vedkomande, og i 1993 byrja dei med utleige til turistar. Interessa for å leige hus var stor og Bjørg og mannen bestemde seg for å bygge eit dobbelthus, i tillegg til at dei gjorde om kjellaren i sitt eige hus til ein leilegheit. 

I 2006 bestemde Bjørg seg for å avslutte avtalen med den tyske agenten. Dei hadde mange faste turistar som kom år etter år, og ho meinte difor at dei ikkje trengde å profilere seg i Tyskland meir. Dette var same år som mannen til Bjørg døydde, og sidan den gong har ho administrert Lavik Feriehus heilt på eigehand. I dag finn du Lavik Feriehus på Fjordkysten.no, elles tek folk kontakt med Bjørg direkte fordi dei har fått anbefalingar frå andre som har budd der.

 

I åra som har gått har Bjørg utvikla eit venskap med ferieturistane som kjem på besøk. Ho har gjestar som har feriert hjå ho opp til 30 gonger, nokre kjem 2 gonger i året. Mannfolka dreg på sjøen for å fiske, og Bjørg tek med seg fruene på tur i fjella. 

 

Mange av dei som kjem til Bjørg bur til vanleg i store forureina byar med mykje bråk og stress. Når dei kjem til Hyllestad er det for rekreasjon. Dei elskar friheita, stillheita og det enkle livet. Dei nyt den friske lufta, naturen og roen dei finn her. Og dei vil aller helst vere heilt aleine. 

 

Men Lavik Feriehus er ikkje berre for sommarturistar. Bjørg leiger ut året rundt, både kort- og langtidsleige. Sjukeheimen, som ligg i gangavstand frå Lavik Feriehus, har ofte behov for bustad til innleigd arbeidskraft i periodar. Elles har Bjørg ein del norske turistar som kjem om hausten for å jakte. Nokre av dei har vore der kvart einaste år gjennom 20 jaktsesongar. 

 

Til saman er det 29 senger fordelt på dei fire bustadane. Som oftast er det einslege, familiar eller venar som bestiller overnatting. Nokre gonger kjem foreldre og barn i skuleferien, og med venner eller gamle foreldre på hausten.  

Alle bustadene har bad med dusj, vaskemaskin, TV, vedomn, fullt utstyrt kjøkken, sengetøy, internett og fryseboks. Kårhuset har 9 sengeplassar fordelt på tre store soverom, pluss ein stor hage og veranda. Dobbelthuset, som er eit vertikaldelt hus med veranda, har 16 sengeplassar  fordelt på fire soverom. Kjellarleiligheita har eigen inngong, eit soverom og 4 sengeplassar.

 

Bjørg har og båtutleige. Dette er spesielt populært for sommarturistane. Ho har 7 båtar tilgjengeleg sjølv, og elles eit godt samarbeid med Roar og FjordKick om det skulle vere behov for fleire.

 

Bjørg seier ho skal fortsette drifta av Lavik Feriehus i to år til. Etter det vert det kanskje ein av sønene som overtek drifta.

Lavik Feriehus

Åfjordvegen 982, 6958 Sørbøvåg

Tlf: 48 10 05 97

E-post: bk.lavik@enivest.net